LEDIG STILLING
Ved eining for funksjonshemma er følgjande stilling ledig:
Helsefagarbeidar 100 % vikariat i perioden 21.06.24 – 21.04.25 med moglegheit for forlenging / fast stilling
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 4. helg med langvakter, 35,5 t/v.
Arbeidsoppgåver:
• Praktisk bistand, opplæring og rettleiing til bebuarar i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak
• Skape ein føreseieleg og trygg kvardag for bebuarane
• Rettleiing, undervisning og informasjon til lærlingar, studentar og pårørande Dokumentere i fagsystem
• Primær-/sekundæransvar for ein eller fleire bebuarar
• Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar:
• Fagbrev som helsefagarbeidar/norsk autorisasjon som hjelpepleiar
• Ynskje om relevant vidareutdanning retta mot menneske med utviklingshemming Ynskje om erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming
• Førarkort kl. B
• God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar:
• Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner
• Evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterolla
• Være fleksibel, strukturert og løysingsorientert
• Halde deg fagleg oppdatert
• Kreativ og glad i aktivitet Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Lenke til elektronisk søknadsskjema: Søknad på stilling (VT-1) (kf.no)
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju Spørsmål kan rettast til einingsleiar Unni E. Øygarden på tlf. 90 25 16 83.
Søknadsfrist: 10.05.24