Ordføraren si side
Kjære kviteseidingar! Ja, nå er det ei stund sidan eg skreiv noko på nettsida. Året 2011 er over og eit nytt år står der med mange blanke ark. Eg ser fram til at vi, med basis i eit interessant år 2011, skal få til mykje positivt i 2012. Vrådal fekk si miljøgate i 2011 somventar på ei utsmykking og formell opning sommaren 2012. Vi ser fram til denne som truleg vil falle saman med Vrådalsdagen i juli. Ein dag vrådølar sjølve står i spissen for. Ved budsjetthandsaminga i desember vedtok kommunestyret at vi skal arbeide fram ein reguleringsplan for Midtsundtoppen med beskrivelse, anbodsrunde og oppstart i 2012. Dette passar bra som oppfølgjar til prosjektet ”Sundkilen brygge” som eit firkløver av sjølvstendige næringsdrivande i Kviteseid lanserer nedanfor KOS. Det har lenge vore etterlyst tilgjengelege tomter og bustader nær sentrum, nå kjem dette for fullt. Vonar fleire vil flytte til oss i vakre Kviteseid!
Vi er òg der at vi i desse dagar ventar i spenning på om vi får godkjent søknaden vår om etablering av Kviteseid næringshage AS . Denne tanken har har vi bevisst arbeidd med sidan 2006. Det er nå i januar at avgjerda kjem. Vi er den eine av to søkjarar i denne runden , Fyresdal er den andre. Det er i grunnen flott at to kommunar i Vest-Telemark er dei einaste i Telemark så langt som har søkt. Vi trur i allefall at vi har ein god søknad basert på at ni bedrifter har gått inn i eit spleiselag saman med kommunen på ein aksjekapital på kr 300.000,-, der kommunen står for 46%. Ein næringshage kan kjapt skaffe arbeidsplassar, noko som i neste runde kan gje tilflytting…… og nå får vi tomtene klare.
Året 2012 blir året der vi vil utvikle tilbodet vårt på Kviteseidhallen med å gjere denne meir tilgjengeleg for alle…. meir enn no. Det vert året for høgdebasseng og tomter i Brunkeberg og året for igangsetting av samhandlingsreformen. Denne er krevjande og det vert spanande å sjå konsekvensen av denne for oss alle.
Året 2012 er òg spanande avdi det skal tilsetjast mange nye i administrasjonen. Det er utfordrande å få tak i nye med god kompetanse innfor landbruk, næring og teknikk. Vi trur at Kviteseid får dette til og ønskjer rådmannen og hans stab lukke til med rekrutteringsarbeidet!
I 2011 var det valg og eg ser fram til samarbeidet med alle politikarane rundt bordet i det nye Kommunestyret i Formannskapet og dei ulike utvala! Det er flott med mange nye, mange er unge og ihuga og dette spår godt for perioden som kjem.
Det er mangt som kan nemnast, men eg vil koma attende til meir utover i året 2012..
Til slutt hovudsaka: Godt Nytt År til dykk alle!
Mvh
Torstein.
Andre/tidlegare innlegg:
Innlegg i VTB 15.10.11 I
Innlegg til VTB 11.6
Sommarhelding på heimesida 2011
Påskehelsinga på heimesida 2011
Nyttårshelsing 2010-11
Sist oppdatert 03.01.2012