MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Jolehelsing 2010

Kjære kviteseidingar! 

Ja, nå er vi snart der att… eit år er på hell og jolehøgtida står for døra. Tidi går fort når ein har mangt å ta tak i, så har det òg vore i 2010. Vi er takksame for at vi har kome i hamn med prosjekt som den nye fleirbrukshallen, skjerma avdeling på KOS og ikkje minst at vi fekk asfalt på plass i Vrådal sentrum slik vi lova at vi skulle. Gateljos og områda inntil trafikkareala der borte tek òg form, arbeidet held fram trass i den intense kuldeperioden vi nå opplever i november og desember.

Året 2010 har vore godt for oss i Kviteseid kommune. Det var moro å sjå at vi fekk ein sjuendeplass når det gjeld tenesteytinga vår blant 429 kommunar på landsbasis. Kommunal Rapport gjorde oss ei god gjerning med dette innslaget. Det er flott at Kviteseid kommune har fått så mange positive innslag i media gjennom året, vi treng det!

Vonar at tida framover vil syne at satsinga vår på unge, eldre og trivnadskapande tiltak i sentrumsområda i tillegg til betra oppvekstmiljø vil gje oss ein snunad i flyttestraumen. Vi treng tilflytting og satsinga vår vidare politisk og administrativt vil fokusere sterkt på dette.

Ja, vi nærmar oss ei god jolehøgtid, og eg vil nytte høvet til å takke dykk alle for året som har gått og ønskjer alle ei God Jol og eit Godt Nytt år!

Med helsing

 

Torstein

Sist oppdatert 08.06.2011