Paaskehelsing
Ja, nå har det alt gått eit års tid sidan eg skreiv nokre ord i årsmeldinga for 2009. Året vi nå har bak oss, 2010 har vore eit spanande år for oss alle i Kviteseid. Eg tek herunder med litt av det vi har hatt fatt i i 2010.
Tidleg på året fylgde vi med på at Kviteseidhallen reiste seg og hadde store forventningar til kva denne kunne gje oss av betra oppvekstvilkår,betra vilkår for skule og kulturskule og elles alle som ville få glede av aktivitetane i det nye bygget. Vi såg òg med glede, sommaren 2010, på kva den nye kunstgrasbanen gjorde for den auka aktiviteten på dette feltet.
Då vi seinhaustes 2010 kom til opninga av hallen, vart det heile ein stor fest. Det at alle i Kviteseid skulle kjenne at hallen var ”litt sin”, og at bruken vart gratis for lag og foreningar, gjorde at bruken ”tok av” med det same. Festen held altså fram. Eg ser fram til at skyttarlaget òg vert ferdige med sin bane, som fekk eige rom i hallen, ei gong i 2011?!
Administrasjonen kom i gang med prosjektet Miljøgate i Vrådal, eit prosjekt som har blitt etterlyst og jobba med sidan nittitalet. Oppretting med masseutskifting og nivåendring i gata vart gjort i 2010. Vidare kom brostein, kantstein og asfalt på plass, resten vert fullført i 2011. Mange private fekk òg retta på etterlengta vedlikehald langs bygga sine. Vonar at eit nytt sentrum vil bli den gode, samlande møtestaden for den aktive turistbygda vidare!
Teknisk eining stod for ei utviding av reinseanlegget i Vrådal med fullføring i 2010 og vi ser med denne rom for å ønskje velkommen til fleire utbyggingar i denne vakre bygda.
Kviteseid er ein levande reiselivskommune. Som fylgje av dette har vi i 2010 mellom anna vore aktive med i prosjekt som Telemarkskanalen som regionalpark, Vandrarregionen, Waterways for Growth og eit prosjekt om reiselivsdestinasjon i Vrådal. Dette arbeidet heldt fram heile 2010 og ein var ikkje i mål ved utgangen av året. Vi er med vidare, for saman med næringsaktørane å kunne leggje til rette slik at endå fleire vil vere turistar hjå oss!
Underteikna fekk i mai 2010 kontakt med Brødrene London AS som etter den gode dialogen fann Kviteseid så attraktiv som kommune, midt mellom aust og vest, at dei etablerte seg i gamle Pekebergbygget i Vrådal. Vi har som politikarar i Kviteseid heile tida blikket på og søkjer etter nye arbeidsplassar til kommunen. Denne etableringa i Vrådal ønskjer vi såleis inderleg velkommen. Vonar bedrifta vil trivast og vekse vidare hjå oss, fleire arbeidsplassar er i sikte!
I same sporet har underteikna arbeidd fleire år for å få terminal for Posten hit. Den optimale plasseringa for Vest-Telemark vart sett på som Brunkeberg som ligg midt i regionen. Når vi endeleg lukkast og fekk ja frå eigar av tomt, og lokal investor kom inn, som sjølv forhandla med posten, ser vi fram til vidare utvikling mot eit ferdig bygg med over 20 arbeidsplassar på tomta til Haugerød & Nilsen AS i 2011.
I 2010 vart vi, saman med Fylkeskulturetaten, med som garantist for at Skieventyret vart sjølveigarar av bygningsmassa i Morgedal.
Ei utfordring for regionen og regionsamarbeidet har vore prosessen eller mangel på prosess rundt lensmannsaka! Vonar den landar på ein god måte i 2011! I Vest- Telemark er det ikkje enkelt å koma til semje kommunane imellom når spørsmålet om lokalisering kjem opp.
Det har òg vore ei utfordring i 2010 korleis ein skal ”rigge” regionssamarbeidet vidare utan det såkalla Fellesfondet. Etableringa av Telemark utviklingsfond gjev regionen heilt andre utfordringar enn før. Her vil eg rå til at lesarane følgjer med vidare på nettsidene og sakene til Vest-Telemarkrådet framover i 2011.
Måla våre for politikken i Kviteseid er mange. Vi har alle våre program å halde oss til. Felles for alle partia er likevel at vi vil ha ein god og drivande kommune som gjev dei optimalt beste tenestene innafor dei vedtekne rammene. Det handlar då om alt frå veg, vatn og kloakk til eldreomsorg og oppveksttilhøve. Som ei god nyvinning for oss var det difor å sjå at den skjerma avdelinga på KOS var opna i 2010. Dette vart eit godt tilfang til det å levere dei beste tenestene. Vi gløymer heller ikkje dei yrkesaktive, vi vil sjølvsagt at dei òg skal bu og trivast i Kviteseid!
Politisk arbeidde vi i 2010 mellom anna med å leggje til rette for attraktive bustadfelt. Vi er i den samanheng glade for at Vårstaulvegen i Morgedal fekk ei ny, etterlengta vegsløyfe hausten 2010!
Vi vart òg i 2010 med på prosjekt prøvebustad som det har vore mykje fokus på i media. Her var det eigedomen Jore vi ville testa ut. Vi vil sjå meir av prosjektet utetter året 2011. Bustadfeltet Midtsundtoppen var oppe i budsjettdebatten i desember 2010, og skal revitaliserast i 2011.
Gjennom 2010 vart ein del av dei nyleg vedtekne reglementa våre tekne i bruk. Eg tenkjer på Miljø og Energiplan, Reglement for Politiske utval, Arbeidsgjevarpolitikken og Etiske retningslinjer.
Dei tre siste har stor verknad for oss alle både politisk og administrativt! Rett fokus her gjev oss dei beste tilhøve for å nå fram med det vi ønskjer å få til sjølv med knappe rammer. Fokus på å leve etter desse reglementa gjer at vi faktisk får att mykje; ikkje minst tryggleik, arbeidsglede og lågare sjukefråvær. Dette arbeidet gjer seg ikkje sjølv, men må vere fokus, ikkje minst for leiarane, heile tida.
Eg vil difor her rette ein stor takk til administrasjonen med rådmannen i spissen for at han i slik grad i 2010 sette arbeidsgjevarpolitikken på kartet. Det er moro å sjå frå sidelinja kva kurs og kompetansehevande tiltak gjer i administrasjonen om dagen der det handlar om å spela kvarandre gode for å levere dei beste tenestene. Hald fram!
Eg vil til sist gratulere og takke administrasjonen for at vi fekk så god plass som sjuendeplass på kommunebarometeret i 2010. Tenk sjuendeplass i det å levere dei gode tenestene av 429 kommunar! La det ”sige” inn allesaman!
Dette siste vil eg òg takke og gratulere alle politikerkollegene for! Utan det gode samarbeidsklimaet vårt hadde vi ikkje hatt ein rapport som ovanfor!
Med dette vesle innslaget frå årsmeldinga vil eg ønskje alle kviteseidingar ein flott vår og ei God Påske!
Helsing
Torstein E. Tveito.
Sist oppdatert 08.06.2011