Sommarhelsing 2011
Ei lita sommarhelsing av 08.06.11:
Kjære Kviteseidingar og alle andre!
Nå er me heldige, vonar eg!
Trua på at vårfuktig juni går over i ein feiande flott sommar vert fastare og fastare.
Her hjå oss i Kviteseid er det mange ting som skjer om dagen:
Posten sitt bygg i Brunkeberg er i ferd med å få sålar og ringmurar på plass. Eg ønskjer tiltakshavar lukke på reisa mot ferdigstilling vidare gjennom sommaren! Elles er det mangt positivt som skjer. Morgedal har nå eit stort høve til å koma på verdskartet i samarbeid med Vierli og Tinn. Dei gode kreftene er på plass lokalt hjå oss!! Dette er verkeleg noko vi har venta på lenge! Flott jobba! Ønskjer òg at vi kan vere den gode medspelaren vidare inn i den gode prosessen som nå òg ser ut til å vere godt fundamentert med sine 2,5 mill frå Telemark Utviklingsfond.
Vrådal er i ferd med å sjå enden på prosjektet med miljøgata. Vi vonar hovudprosjektet så godt som står ferdig tilsådd til fellesferien! Etter denne er det vel avsluttande arbeid med tilplanering ned mot vatnet og skileikområdet på Gravirjordet som står for tur. Dette er så langt bare oppussing etter prosjekt ”miljøgate”! Enden på prosjektperioden nå, vil bli krona med ei opning av gata og avduking av Smørbukk ved amfiet i sentrum. Dato for dette er enno ikkje på plass.
Eg vonar at sentrum her vil stå fram som ein stad der alle som kjem der vil kjenne seg heime og at kjensla av at denne staden er litt sin sig inn hjå dei som kjem.
I skrivande stund har eg nettopp levert frå meg noko til Vest-Telemark blad som kjem mitt tidlegare innlegg ved. Det vert difor framleis ståande ei stund. Ferskvare på denne sida er etterspurt, ikkje minst frå pressa si side. Eg vil søkje å halde dykk alle orientert med små innlegg etterkvart.
Eg skulle og kunne nok nå ha skrive mykje meir, vi har mykje å fortelje om heile tida. Vonar de i allefall har lese årsmeldinga som er tilgjengeleg på heimesida vår. Den vart godkjent av kommunestyret 19/5! Her er det mykje positivt å hente som er verd å få med seg.
Til slutt vil helse med ønskje om ei flott ferietid og med trua på at sommaren blir god og varm for dykk alle!
Torstein.
Sist oppdatert 03.01.2012