MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

VTB

Om ”Berre ein hund” og Undersøkjande journalistikk.

Underteikna er så heldig å ha ein god ven, ein svart og firbeint ein, som fylgjer med kvar gong eg finn det høveleg med ein tur i skogen. Eg har hatt stor glede av desse turane opp igjennom åra. Heilt sidan eg var gutonge har eg hatt gleda av å dra innover heiane på attlagde stigar som kan fortelja så mykje. Frå eg var liten vart eg lært at ein skulle trø varsamt i skog og hei. Ein artig regel var at ein måtte sei ifrå på eit vis dersom ein hadde hatt eit ærend for seg sjølv òg. Det var slik at ein då måtte leggje over ei torve der det unemnelege låg att, som var tenkt å liggje i fred der vidare. Etter eg fekk meg hund vart det ei utfordring, alltid å ha denne i band på turen ei stund etter slike ærend. Vart det gløymt, kunne ein fort få eit draperi rundt hundehalsen med vidare. Eg gløymer aldri å ha hunden i band delar av turane mine, det går så bra så.

Kva i all verden vil eg med ei slik innleiing og i dette forum?!

Jau, for ei tid sidan, meire bestemt  rett etter siste kommunestyre 19 mai vart eg merksam på eit innlegg i VTB som eg ikkje tykte noko særleg om. Det var så at alle ordførarane vart hengde ut med sin elendige og utdaterte journalistikk på heimesida si. Eg tykkjer dei andre får svare for seg om dei vil, men eg føler for å koma med ein kommentar herifrå Kviteseid.

Visst er det så at vi ordførarane ikkje driv som journalistar og kanskje skulle vere ”på” på heimesidene oftare, eg ser den. Likevel vile eg sei at journalisten denne gongen for vår del ikkje var heilt rettferdig. Underteikna skreiv rett nok forrige gong rett før jol 2010 og avslutta innlegget med God Jol…. Det som nå står framleis var skrive rett før påske 2011 med ønskje om God påske mmm. Var dette så ille då?! Det var tydeleg at journalisten bare hadde brydd seg til å lese dei par fyrste linene i nåverande oppslag. Det er vel ikkje så rart at eg i årsmeldinga for 2010 nemner at eg ikkje hadde skrive noko sidan 2009? Årsmeldinga vart faktisk ikkje handsama og godkjent før i kommunestyret 19/5. Var ikkje innlegget til påske ferskt nok?!

Det ville vere rart at eg måtte til å skrive årsmeldingar flere gonger utover året. Det tykkjer nå eg. Det at eg ikkje hadde skrive sidan 2009, var tekst i årsmeldinga. Det var då ikkje som journalisten skreiv i sitt satiriske innlegg. Vidare vart det kommentert i VTB at vi hadde arbeidd med utbetringa av Vrådal sentrum sidan nittitalet og at ein ikkje trudde stort på at ein kom til å bli ferdig på lenge… lenge.

Det er så kjære journalist, at vi, Kviteseid kommune ikkje tok over ansvar for dette gateprosjektet før mellom to og tre år sidan. Vi har altså ikkje arbeidd med dette tidlegare, det er det andre som har gjort! Etter dette har mykje skjedd i Vrådal med både miljøgateprosjektet, reguleringsplanen Eidsto II og utviding av reinseanlegget. Miljøgateprosjektet i Vrådal vert ferdig i 2011 med utsmykkinga på plass òg. Eg tykkjer ikkje då det er rett at ein sjølvoppnemnd kritiker, med bare sans for det negative yter politikerane våre rettferd med slik journalistikk. Vi har då synt gjennomføringsevne både politisk og administrativt, dei siste åra tykkjer eg.

Det er då trist at ein, når ein vil fortelje den gode historia om Kviteseid for 2010 vert trekt ned i støvet på denne måten som i VTB i slutten av mai.

Journalisten minner meg stort om hunden min på full fart i lyngen med vær av noko… der han i eit stort vridande stupdykk og eit ”halleluja” fjernar torva og deisar ned i …. denne gongen sin eigen….

Eg saknar faktisk stemma frå Bergen som stadig snakka med oss ordførarane og gav oss alle for Vest-Telemark den beste journalistikken.

Med helsing og ønskje om ein god sommar til Dykk alle!

Torstein.

Sist oppdatert 08.06.2011