VTB_151011
Oppgåver og tenester i Kviteseid kommune
Tore Skaug og Oddvar Hægeland har etter valet i haust kome med kvar si ytring i VTB. Det gjeld viktige oppgåver og tenester i kommunen vår. Som ordførar i Kviteseid dei siste åtte åra finn eg det rett å svare på aktuelle spørsmål og kome med ei vurdering av situasjonen. Varaordføraren er òg medskribent i denne ytringa.
Kviteseid kommune har dei siste åra arbeidd hardt for å koma seg ut av ROBEK- situasjonen som vi var i, for åtte år sidan. Vi greidde det ved utgangen av 2006, som følgje av godt politisk arbeid der alle i kommunestyret var samde om å gjere dei nødvendige grep for å nå målet om økonomisk handlekraft. Resultatet var grunna på godt administrativt arbeid og administrativ vilje til å følgje opp våre politiske vedtak.
Alt som har skjedd dei to siste valperiodane, har bakgrunn i klare, politiske vedtak. Budsjetta har vore styrande for kva som skal skje i kommunen. Administrasjonen har halde seg heilt etter vedtaka og har levert godt arbeid kvart år. Som følgje av dette var vi så heldige at Kviteseid oppnådde å bli nummer sju på landsplan av 429 kommunar, når det gjeld å levere gode tenester i 2009. Vi som har vore i politikken for kommunen, var mykje glade for dette. Men vi søv aldri på laurbæra og prøver heile tida å bli betre.
Spørsmåla som Tore Skaug og Oddvar Hægeland tek tak i, er forhold som vi er heilt klar over. Dei har vore drøfta i ulike fora, men andre kommunale oppgåver har kome føre. Kviteseid tok i førre periode initiativ til å regulere Kviteseidkrysset og fekk konsulentfirma Asplan Viak til å utføre denne planen. Den vart godkjent alt i 2006. Dette er så langt einaste godkjente planen på strekninga Brunkeberg – Nissedal som ligg klar for gjennomføring.
Kviteseid har framheva denne planen i dialogmøta med Statens Vegvesen gjennom fleire år, og vi har tru på at realisering vil kome om ikkje så lenge. Vegkryss-prosjektet er opninga mot ein gang-/sykkelveg mot Kvitsund. G/s-vegar er prosjekt som kjem i stand i samarbeid mellom kommune og fylkeskommune, og difor må krysset på plass fyrst. I det store spelet i Kviteseid er det snakk om politisk prioritering av kommunale budsjettkroner. Vi har så langt spela så godt at vi kom ut av ROBEK i 2006, og det er gjennomført mange viktige utbyggingar.
Vi har realisert bygging av fleirbrukshall og kunstgrasbane i Kviteseid. Vi har prioritert å kome i mål med Vrådal sentrum. Vi har henta inn postterminalen til Brunkeberg og nytta mykje midlar på dette. Vi har bygd veg til Vårstaulen i Morgedal, reinseanlegg i Vrådal, asfalt på Ordalsvegen, og sett fokus på eldreomsorga med opning av skjerma avdeling på KOS. Politikarane har gjennom åra prøvd å sjå til mange kantar i kommunen. Vedtak har blitt gjort etter harde prioriteringar der behov har vore dimensjonerande.
Det å levere dei gode tenestene er heile tida kommunens fokus, samstundes som at vi søkjer etter å stoppe folketalsnedgangen. Fokus på innhenting av nye arbeidsplassar er tilstades heile tida. Administrasjonen er såleis dyktig til å samle seg om dei sentrale oppgåvene dei har i dag. Tilleggsoppgåver som å hente fram opplysningar frå folkeregistret, om alle som flyt til og frå, som Tore Skaug etterlyser, er ikkje prioritert. Underteikna skulle ønskje at personar i bygdelaga kunne ta noko av den jobben. Kanskje kunne grendemenn ta ein blometur til nye grannar?
Når Oddvar Hægeland etterlyser asfalt i bustadfeltet der han bur, må vi seie at det er dei nødvendige behov som er avgjerande. Det har ført til at det var Ordalsvegen som stod for tur denne gongen. Men vi takkar for innspelet og tek det med i den vidare prosessen som prioriterer tiltaka for 2012.
Til slutt vil vi nemne at Kviteseid kommune prioriterer politisk alle tenester og oppgåver. Vår gjennomføring vert sett opp i høve til dei pengane vi har, og at vi har styringskontroll på årsoppgjera våre. Det vil seie at vi har minst 3% overskot på nettodrift, ved årets slutt.
Med helsing
Torstein E. Tveito Olav Mosdøl
ordførar varaordførar
Sist oppdatert 13.10.2011