Rådmannen si side
Rådmann i Kviteseid er Hans Bakke
Tlf: 35 06 81 36 Mobiltlf: 941 96 055
E-post: hans.bakke@kviteseid.kommune.no
Budsjett og handlingsprogram 2012
Sommar i Kviteseid
Det er sommar i Kviteseid og bygdene i kommunen viser seg frå si beste side. Det er mange, både frå innland og utland som vil besøkje Kviteseid denne sommaren.. Me er blant dei største kommunane i fylket innan reiselivet og det viktig å ta vare på og utvikle denne posisjonen. Arbeidet med å ruste opp Vrådal sentrum er ein viktig del av kommunen si satsing på å gjera Kviteseid og Vrådal attraktiv for besøkande. Arbeidet vil bli avslutta i sommar.
Kviteseid har mange kvalitetar som me treng å lyfte fram. Reiselivsnæringa arbeider målrett amed dette, men me treng alle gode krefter for å nå ut med den gode bodskapen. Telemarksforsking har funne ut at det er tre element som er viktig for å gjera ein kommune attraktiv. Ein kan vera attraktiv for besøk, for næring eller som ein god buplass. Kommunen arbeider nå med den overordna samfunnsdelen til kommuneplanen. Målet med denne er å utvikle ein langsiktig strategi for utviklinga av kommunen. I det arbeidet er kunnskapen frå Telemarksforsking viktig.
Innan næringsutvikling arbeider me for tida mykje med å rigge det interkommunale samarbeidet. Me ser på dette som eit svært viktig element for utviklinga både i regionen og kommunen. Derfor ynskjer me å ha eit sterkt eigarskap til det regionale næringsutviklingsselskapet. Her er det ulike syn blant kommunane i regionen og det blir spennande å sjå kva politikarane til slutt konkluderar med.
Ei annan viktig utviklingsretning for attraksjon er å vera ein god plass å bu. Fleire ulike granskingar viser at kommunen har eit godt tenestetilbod. Me arbeider no med bustadpolitikken. I Kviteseid er me i ferd med å utvikle eigedomen Jore med 3-4 bustadtomter. Eit alternativ der er å byggje prøvebustad. Det krev ekstern medfinansiering. Alternativt blir det ordinære bustadtomter der. Me har og sett i gang eit arbeidd med å revidere reguleringsplanen for Midtsundtoppen for å få ei betre arealutnytting. I Brunkeberg vil arbeidet med nytt høgdebasseng opne for nokre nye tomter. Ny vegtilkomst til bustadfeltet i Morgedal også vil opne for tomter der. I Vrådal er der alt mange ledige tomter.
Det er i media mykje skriving om mangel på arbeidsplassar. For oss i kommunen er stoda ikkje heilt slik. Me strevar med å få nok fagfolk til å fylle dei mest sentrale stillingane våre. Derfor er arbeidet med å gjera kommunen meir attraktiv viktig på mange måtar. Me treng innbyggjarar for å oppretthalde Kviteseidsamfunnet med arbeidsplassar, kommunale tenester og eit rikt organisasjonsliv.
For tida treng me både teknisk sjef og næringssjef. Me treng og nye legar – gjerne folk som ynskjer å busetje seg i regionen slik at me kan få stabilitet i eit viktig tenestilbod til innbyggjarane. Innan pleie- og omsorg er det stadig etterspørsel etter folk og prognosane for framtida er eintydige: Trongen for personell til helse og omsorg vil auke i åra framover.
Kampen om arbeidskrafta er derfor i full gang. Me treng derfor hjelp av deg som innbyggjar eller besøkjande i kommunen! Har du lyst på ein meiningsfylt og utfordrande jobb eller kjenner du nokon som har den kompetanse me etterspør så ta kontakt med oss i kommunen. Det er og viktig at du omtalar kommunen i positive vendingar. Det beste argumentet for å få folk til å bu og arbeidde i Kviteseid er innbyggjarar og tilsette som snakkar positivt om kommunen sin.
God sommar i Kviteseid!
Hans Bakke
rådmann
Tidlegare innlegg:
November 2010
Sist oppdatert 11.11.2011