Kviteseidbusjettet 2012
Kviteseidbudsjettet 2012
Utarbeiding av eit kommunebudsjett er ein krevjande og spennande prosess for oss som arbeider i kommunen. Forventningar både frå staten og frå innbyggjarane gjer at alle tenester og sektorar som regel ynskjer seg meir ressursar for å kunne levere endå betre tenester. Slik er det og i Kviteseid.
Overføringane frå staten er mindre enn dei har vore dei siste åra. Det har m.a. samanheng folketalsnedgang og endringar i systemet som reknar ut kor mykje staten overfører til drifta vår. Me får heller ikkje fullt ut kompensert for løns- og prisvekst. Samla sett har me omlag 0,5 mill kr mindre å drive kommunen for i 2012 samanlikna med 2011. I tillegg gjer ulike lovkrav at me får fleire som treng spesialtilpassa tenester. Det gjeld både i skulen og i omsorgstenestene. Legetenesta vert mykje meir kostbar neste år, både som følgje av auka kostnader til legevakt og til leige av vikar. Summen av dette er at det har vore trong for innsparingar og omprioriteringar, både på kort og lang sikt.
Viktige nye tiltak er:
· Utvida driftsstøtte på IT og opprusting av dataustyr og nettverk i skulane
· Opning av eit eige ”sjukehusrom” på KOS for å kunne handtere den såkalla Samhandlingsreforma som medfører at kommunen overtek ein del sjukehusa sitt ansvar.
· Etablering av eining med kultur som inkluderar bibliotek og kulturskule. Rektor ved kulturskulen blir einingsleiar og får tittel kultursjef
· Prøvebustad i den tidlegare prestebustaden i Midtsundvegen 7.
· Detaljplanlegging av nytt bustadfelt på Midtsundåsen med oppstart januar 2013.
· Små endringar i avgifter og brukarbetaling neste år, nokon går faktisk ned.
For møte ei meir krevjande økonomisk framtid, der både me treng midlar til nye reformer og ikkje minst til investering og vedelikehald av våre bygg, vegar og leidningsnett, så er det naudsynt å sjå på strukturelle endringar. Andre tiltak vil vanskeleg gje nødvendig innsparing.
På denne bakgrunn gjer rådmannen framlegg om å utgreie eit tettare samarbeid med Seljord på legetenesta. Heile 1 av 3 kvitseidingar nyttar andre legekontor enn vårt eige. Det svekkar inntektene våre og gjev oss i tillegg ei ekstra rekning på gjestepasientar. Spørsmålet blir derfor kor mykje ressursar er fornuftig å bruke på ei teneste som mange vel ikkje å bruke.
Oppsummert er det likevel slik at det framlagte budsjett for 2012 langt på veg vidarefører det tenestenivået me har i dag. Slik sett bør dette budsjett vera grunnlag for å oppretthalde det nøkterne og god tenestetilbodet me har i dag.
Vil du lesa meir om budsjettet så kan du finne heile dokumentet med vedlegg her på vår heimeside.
Kviteseid 10.11.2011
Hans Bakke
rådmann
Sist oppdatert 11.11.2011