Reguleringsplan Findreng gnr.17 bnr.1
I medhald av pbl § 27-2 har Kviteseid kommune eigengodkjent fylgjande reguleringsplan:
- Findreng, del av gnr.17 bnr.1, jf k-styresak 060/07, 18.10.07.
Planen inneheld to byggeområde for fritidsbustader; (1) ved Ytre Drang og (2) ved Indre Drang, nær rv 41 ca 6 km sør for Vrådal. Planen legg opp til fem uleigehytter og seks hytter for sal i (1), og 18 hytter for sal i (2). Det blir veg og v/a-framføringar til kvar tomt. Planen inneheld og spesialområde, friluftsområde for badeplass og båthamn.
Planane ligg til gjennomsyn ved plankontoret, 3855 TREUNGEN, og i kommunehuset 3850 KVITESEID.
Eventuell klage til M.departementet på godkjenningsvedtaket, skal etter pbl § 15 sendast:
Det faste utval for plansaker v/plankontoret 3855 TREUNGEN, seinast tre veker frå kunn-gjeringsdato. Krav om erstatning/innløysing etter §§ 32 og 42 må setjast fram skriftleg seinast 3 år frå same dato.
Plansjefen.
Kommunestyrevedtak 060/07, føresegner og plankart.
Sist oppdatert 05.03.2008