Vrådal sentrum
I medhald av pbl § 27-2 (gml. lovdel) har Kviteseid kommunestyre eigengodkjent fylgjande reguleringsplan.
Vrådal sentrum, Eidsto, jf k-styresak 013/10, dat. 25.03.10.
Planområdet ligg aust i Vrådal sentrum og inneheld byggeområde for forretning, offentlege trafikkområde, friområde og spesialområde for kommunaltekniske anlegg og friluftsområde sjø, med areal for småbåtanlegg. Hovudføremåla med planen er å tilrettelegge for fleire parkeringsplassar, og for ei utviding av reinseanlegget.
Planane ligg til gjennomsyn ved plankontoret, 3855 TREUNGEN, i kommunehuset 3850 KVITESEID.
Eventuell klage til M.departementet på godkjenningsvedtaket, skal etter pbl §15 (g) §1-9 (n) sendast: Kviteseid kommune v/plankontoret 3855 TREUNGEN, seinast tre veker frå kunngjeringsdato. Krav om erstatning/innløysing etter pbl §§ 32 og 42 må setjast fram skriftleg seinast 3 år frå same dato.
Plansjefen
Sist oppdatert 08.06.2010