Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Renovasjon

Det er tvungen renovasjon og i Kviteseid. For å løyse dei praktiske oppgåvene er det oppretta eit interkommunalt selskap i Vest-telemark - RENOVEST IKS.

For å bidra til eit godt miljø skal det skje ei kjeldesortering av avfallet. Dette skjer dels hjå deg som kunde, dels gjennom  containarar som er plassert ulike plassar i kommunen og dels gjennom avfallsplassen som ligg på Bunkeberg.

Som kunde får du kvart år utdela ein kalender som viser tømetidspunkt mv. På heimesida til RENOVEST www.renovest.no kan du lese det du treng å vite om t.d opningstider, soteringsrettleiing mv.

AVGIFTER:
Gjennom lov er kommunane pålagt at avgifter fullt ut skal dekke kommunane sine utgifter ved avfallsordninga. Prisnippet er at den som ureinar skal betale. Avgifta består av kommunen sine utgifter til RENOVEST med påslag av ein administrasjonsdel. Sidan Kviteseid har ein effektiv administrasjon har kommunen dei lågaste renovasjonsavgiftene i Vest-Telemark.

Gjeldande (frå januar 2010) avgifter - eks mva - er:
Standard abonnement                 kr 2 100
Abonnement m/heimekompost     kr 1 576
Miniabonnement                         kr 1 471
Redusert standardabonnement     kr 1 051
Høgstandard hytte                      kr 1 471
Standard hytte                           kr 1 051
Redusert hytetabonnment           kr    420 

KONTAKTTELEFONAR:
Gjeld det den praktiske gjennomføringa av renovasjonsoredninga kan du kontakte RENOVEST på tlf 35 06 80 00 
Gjeld det spørsmål om renovasjonsavgiftene kan du kontakte Teknisk drift på tlf 35 06 81 11 

Sist oppdatert 08.01.2010