Samanslåing av eigedomar
Det er ein stor fordel at eigedomar som er eigd eller festa av same heimelshavar, og som blir bruka som ei eining, blir samanslått.
Fleire eigedomar som har same heimelshavar/grunneigar kan samanføyast til ein eigedom. For å gjennomføre samanslåinga bør den samanslåtte eigedomen som hovudregel bli eit samanhengande areal, og det må ikkje oppstå prioritetskonflikt mellom eventuelle panthavarar. Ved gjennomført samanslåing utvidast eventuell panterett til heile den samanslåtte eigedomen eller festeretten. Samanslåing av festerettar kan bare skje dersom festekontraktane for grunnstykket er likelydande, og festerettighetane ligg på same eigedom. Samanslåing må heller ikkje vere i strid med vedteken reguleringsplan.
Kven kan søkje?
Samanslåing kan krevast av den som har grunnbokheimel, det vil seie eigar og festar med eige grunnboksblad hos Statens kartverk Tinglysingen.
Korleis søkje?
Samanslåingskjema fyllast ut og underteiknast av heimelshavar. Krav om samanslåing rettast til tinglysingsmyndighet, som er Statens kartverk Tinglysingen, men skjemaet sendast til kommunen der eigedomane ligg.
Gebyr
Samanslåing av eigedomar er gebyrfritt både hos kommunen og hos Statens kartverk Tinglysingen.
Skjema
Samanslåing av eigedomar
Sist oppdatert 08.12.2011
KONTAKTINFORMASJON
Interkommunalt plankontor for Kviteseid og Nissedal
Telefon: 35 04 84 00
Telefaks: 35 04 84 10
Epost:
info@nissedal.kommune.no
Postadresse:
Interkommunalt plankontor 3855 TREUNGEN
Besøksadresse:
3855 TREUNGEN
Opningstid:
7.45-15.30 (15.00). (Stengt kvar tysdag for besøkande og inngåande telefonsamtalar).
Kontaktpersonar:
Bjarne Underdal
Oppmålingsingeniør
Telefon: 35 04 84 32
Send e-post
Martin Lillegrend
Oppmålingsingeniør
Telefon: 35 04 84 34
Send e-post