MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Psykisk helse

1. KONTAKTLISTE
Psykiatrisk sjukepleiar/koordinator Åse Vestgården ,
tlf.: 35 06 82 62 / 995 16 347.
E-post: ase.vestgarden@kviteseid.kommune.no 
Arbeidstid: kvar dag.

Sosionom /Terapeut barn og unge Kristin Brekke Moore,  
tlf.: 908 89 808/ 35 06 82 66. 
E-post: kristin.brekke@kviteseid.kommune.no 
Arbeidstid: kvar dag bortsett frå tysdagar                               

Sjukepleiar / Terapeut Vibeke Ruud,
tlf.:  35 06 82 65 / 971 91 958
E-post : vibeke.ruud@kviteseid.kommune.no 
Arbeidstid: måndag, tysdag, onsdag, annan kvar fredag (partalsveker)  
                    
Vernepleiar / Terapeut Reidun Øverland ,
tlf.:  35 06 82 61 / 977 90 476.
E-post: reidun.overland@kviteseid.kommune.no 
Arbeidstid: kvar dag bortsett frå fredagar i partalsveker.

Aktivitør / barnevernspedagog / miljøterapeut Anna Lovise Aarsteinsen, 
tlf.: 35 06 81 65. 
E-post: anna.aarsteinsen@kviteseid.kommune.no 
Ho arbeider berre på dagsenteret . Arbeidstid: måndag, onsdag, annan kvar torsdagskveld (oddetalsveker).
       
Helsefagarbeidar / miljøarbeidar Gunn Karin Eikåsen,
tlf.:952 81 426.         
Arbeidstid: tysdag, onsdag, annan kvar torsdagskveld (oddetalsveker).                 


2. LOKALISERING   

Me held til i Kviteseid Helsesenter 2. høgda, og er organisert som ein eigen del under ”Eining for Helse”.


3. MÅLSETTING                                                                      
  
Målet vårt er å gje eit så godt tilbod som råd til menneske som treng støtte og hjelp med si psykiske helse eller eit livsproblem. Det kan vera aktuelt med både langvarige tenester eller nokon å snakke med for kortare periodar. Tilbodet skal omfatte både førebygging og behandling. Ein kan ta direkte kontakt med psykiatrisk sjukepleiar eller ein av terapeutane. (Jf. kontaktlista over)   


4. TILBOD

Tilbod til barn og unge:
Treng du nokon å snakke med? Tak gjerne direkte kontakt ved å ringe eller sende SMS til Kristin på tlf.: 908 89 808 (sjå over). Du treffer henne også på Kviteseid skule.   Les meir              

Individuelle støttesamtaler:
Ein kan gjera avtale om å få samtaler på kontoret til ein av medarbeidarane.

Heimebesøk:   
Dette kan vera aktuelt dersom ein treng hjelp til å koma i gang med dagleglivets gjeremål, eller der det vurderast som hensiktsmessig å møtast i heimen.

Dagsenter: 
Me held til på Krodokk ved Selandv.1, ved kommunehuset. Her er ope måndagar, onsdagar og annankvar torsdagskveld.   Les meir              

Lunsj og trimgruppe m/fysioterapeut :
Hittil har dette vore ei kvinnegruppe som møtast annan kvar tysdag for felles trim på Moen skule og felles lunsj etterpå. Dersom det er tilsvarande interesse for menn, vil det også bli starta ei slik gruppe for dei. Me ser det som viktig at slike grupper er stabile, og inntak vert gjort etter vurdering og avtale.         

Kognitiv Terapi:
Dette er ein innfallsvinkel mot angst og depresjon der ein arbeider med vanskelege tankar og kjensler via individuelle samtaler .   Les meir

Tilbod hjå berøringspedagog:
Utføring av ein berøringsmetode som heiter Taktil Stimulering.   Les meir

Turgåing:

Dette er for dei som har lyst til å gå tur, men som gjerne vil gjera det i fellesskap med andre. Oppmøte tysdags ettermiddagar. Tak event. kontakt med Åse eller Gunn Karin.

Ljosterapi:
Me har nokre ljoslamper til utlån. Slike lamper har ein viss effekt ved enkelte depresjonar. Tak event. kontakt med Åse.

Individuell plan:
Dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller liknande, og dersom kommunen vurderar at du har rett på dette, kan me hjelpe til med å utarbeide ein Individuell Plan.

Denne retten er heimla i Helse- og Sosialtenestelova §4-3a, og i Pasientrettighetslova §2-5. Den er eit samarbeidsdokument mellom tenesteytarar og brukar . Les meir     


5. ANDRE RELEVANTE KONTAKTAR

Hjelpegruppa ved kriser
Denne gruppa trør i kraft ved ulukker og brå dødsfall. Medlemmar i denne gruppa er psykiatrikoordinator, helsesyster, prest, prostidiakon, m.fl.

Mental Helse
Lokal kontakt: Mona Hjertås, tlf.: 986 95 605.
Du kan lese meir om Mental helse her.

 

        

Sist oppdatert 08.02.2011