Krodokk dagsenter
Du kan enten ta kontakt direkte med dagsenteret (tlf. 35 06 81 65) eller psykiatrikoordinator (tlf. 35 06 82 62) for å gjera ei avtale.
Krodokk dagsenter ein del av det kommunale psykiatritilbodet. Me held til i Selandvegen 1 attmed kommunehuset. Me disponerer ei lite uteareal utanfor huset. I same bygningen er det også vaksenopplæring og musikkskule.
Her er ope måndagar og onsdagar frå kl. 8.00-15.30. og annan kvar torsdagskveld i tida 15.00-21.30 (oddetalsveker)
Det vert gjeve tilbod til personar med psykiske vanskar eller liknande (t.d. einsemd) som er busette i Kviteseid kommune.
Krodokk dagsenter er ein stad der ein får tilbod om eit sosialt fellesskap med andre, og ein stad der ein kan få høve til læring, utvikling, og meistring. Det vert lagt vekt på å skapa eit trygt og triveleg miljø i heimslege lokale.
Aktivitetar:
· du kan koma hit om du berre ynskjer ein sosial møtestad for å ta ein kopp kaffi og ein prat
· me som arbeider her prøvar å leggje til rette så langt me kan for å etterkoma ynskje om aktivitetar brukarane har lyst til å drive med · ynskjer du å ta med eige handarbeid og laga noko til deg sjølv, er det heilt i orden
· det er også mogleg å laga ting som kan bli selt på dagsenteret
· døme på aktuelle aktivitetar: div. hobbysyslar som strikking, hekling, sauming, veving, småsløyd, gå på bibliotek, gå seg ein tur i lag med andre, baking/matstell, stelle med blomar, hagearbeid, utflukter, div. spel
· om føremiddagane har me fysioterapeut som har trim med oss
Måltid: Me har eit enkelt felles brødmåltid klokka 11.30. Torsdagskvelden vert det oftast laga eit varmt måltid.
Sist oppdatert 16.12.2010