Atraksjonar

Kviteseid Bygdetun
Kviteseid Bygdetun skal gje eit inntrykk av korleis ein velståande gard såg ut for omlag 200 år sidan. Hovedhuset er Flekstveitstoga (biletet oppe til høgre); første høgda er frå 1600-talet, medan andre høgda vart påbygd i 1738. Stoga nede er rosemåla av 'den fyrste rosemålaren i Telemark' Talleiv Halvorson Espetveit (ofte berre kalla 'Talleiv Målar'). Av andre hus kan ein nemne Tveitloftet frå 1300-talet, Flekstveitloftet frå 1700-talet og vesleburet frå 1500-talet åpningstider klikk her

Norsk Skieventyr i Morgedal
Morgedal kan du oppleve skihistorie - også utan ski på beina. Opplevingssenteret Norsk skieventyr sameiner eldgamle tradisjonar med moderne teknologi.Her kan du oppleve ei stemningsfull vandring gjennom 4000 års skihistorie, frå dei fyrste helleristningane via vikingar, birkebeinarar, militære skiløparkompani, Sondre Norheim og fram til vår tid. Alt dette får du gjennom eit multimediaprogram som kombinerer ein forrykande film over fleire lerret med utstillingar, musikk, ljos- og lydeffektar. åpningstider klikk her

Telemarkskanalen
(Norsjø-Bandakkanalen)
Telemarkskanalen blei fullført i 1892 og har 18 sluser som lyfter dei sjøfarande frå 0 til 72 m.o.h. på den 105 km lange strekninga frå Skien til Dalen. 'Victoria' som tek 180 passasjerar og 'Henrik Ibsen' med plass til 220 passasjerar, går i rutetrafikk mellom Dalen og Skien frå mai til september. Båtane er innom Kviteseid Bryggje for av og påstigning. for rutetider viser me til Telemarkskanale
Skulpturar:
Utflyttarbautaen 'Bylgje Stein Søyle' av Gunnar Torvund på Kviteseid bryggje
Innfelt av mineral og stein sortar innsendt frå 186 kommunar i Noreg (og frå utlandet)
Tormod Knudsen Borgejordet, bauta ved gamlebanken, av Gunnar Utsond 1864-1950
Gunnar Utsonds skulptursamling i Utsondhalli på Kviteseid bygdetun
Sondre Nordheim bauta i Morgedal og Norsk Skieventyr
Minnesteinar:
Diktarprestane Landstad og Zetlitz:
Landstadrelieff ved Kviteseid gamle kyrkje (les meir:) M.B.Landstad, prest og folkeminnesamlar
Zetlitz-minnestein ved Kviteseid gamle kyrkje Jens Zetlitz 1761-1821' Gledens muntre sanger' Han dikta så vel salmar som drikkeviser.
Mine længsler –
Hvor såre lidet vil der til
for lykkelig at vere,
et muntert sinn, en piges smil,
en ven som gjør deg ære…
Heilag Olavs kjelda, minnestein ved Olavskjelda ved Vigdesjå (les meir: pilgrimsvegen, pilgrimsvandring)
Maren Ramskeid minnestein i Åsgrend. Ho song 'Draumkvedet' for M.B.Landstad
'Klypelyftstein' på Kviteseid bygdetun. Steinen Sterke Nils lyfte i klypa, neven. Sterke Nils fødd på Rulleteig i Brunkeberg 1821-1800.
'Dyrskusteinen' , avduka av kronprins Olav i 1956, til minne om den fyrste dyrsku-utstillinga i landet på Moen i Kviteseid 19.09.1856
Fornminne:
Tinghaugen ved det gamle Heradshuset på Moen i Kviteseid
Den gamle kyrkjegarden i Vrådal, der den åttekanta kyrkja sto (bilete av kyrkja måla av Louis Moe)
Smedgrava på Bygland i Morgedal
Gravhaug ved rv 41 og Kviteseid Bygdetun
Andre kulturminne (les meir: kulturminne andre og attraksjonar)
Kyrkjer:
Kviteseid kyrkje, vigsla i 1916, bygd av granitt frå Sundet i Sundkilen.
Kviteseid gamle kyrkje, steinkyrkje frå ca 1100 (les meir: andre kulturminne: tåresteinen)
Brunkeberg kyrkje, frå 1790 (les meir: andre kulturminne : messehakelen)
Fjågesund kyrkje, vigsla 1916
Vrådal kyrkje
Kilen kapell (les meir: andre kulturminne: krusifiks)
Museum:
Kviteseid bygdetun (les meir:)
Sondre Nordheims fødestad (les meir), der den olympiske eld vart tend 1952, 1960 og 1993. Sondre Nordheim far til den moderne skisporten og ordet slalåm.
Norsk Skieventyr og Olav Bjålands museum
Vrådal Slusemuseum
Kunstmuseum og kunstsamlingar:
Gunnar Utsonds skulptursamling i Utsondhalli, Kviteseid bygdetun
Louis Moe galleri i Vrådal
Solveig Muren Sanden, kunstsamling i gåve til Kviteseid kommune
Geologi:
'Den gåtefulle telemarkingen', milliardår-gamal fossil
Gruver og skjerp
Haugejuvet gruver i Dalane i drift til 1919 (ingen tilgang utan lokal guide)
Bruer:
Sondebroi – Sundkilen bru. Freda svingbru frå 1900.
Kviteseid bru (ny, opning aug/sept 2003)
Fjågesund bru
Bjørnflatin bru, steinbru i Dalane
Bryggjer:
Kviteseid bryggje
Spjotsodd bryggje
Smeodden bryggje
Fjågesung bryggje
Kilen bryggje
Målarar og kunstnarar:
Johan Fredrik Eckersberg måla i 1868 'Fra Kviteseid'
Segelke, måla i 1904 'kviteseid', måleriet kan du sjå i Kviteseid Folkebibliotek
Thv. Erichsen (1868-1939) måla i 1900 'Frå Kviteseid i Telemark'
Erik Werenskiold, (les meir) Måleri: 'Sommeraften i Kviteseid' (Nasjonalgalleriet) er måla i 1893 med motiv frå Lunden ved Sundkilen i Kviteseid. 'Lensekara', motiv bruka på den gamle raude hundrekronesetelen.
Henrik Sørensen, kviteseidgut er modell for guten i 'Gutten og gullfuglen'
Gunnar Utsond, skulptør
Dyre Vaa skulptur (1903-80) fødd i Kviteseid, galleri i Rauland
Louis Moe, (1857-1945) norsk-dansk biletkunstnar og illustratør, Louis Moe galleri i Vrådal
Solveig Muren Sanden, f. 1918, måleri, illustrasjon og teiknesrieteiknar: (les meir: kunstsamlingar)
Gunnar Torvund skuptur, bilder
Kristine Brodersen, skulptur
Berit Marie Friestad, måleri
Jon Bakken, måleri, fødd i Kviteseid bur no i Grungedal
Asrid Syftestad sølvsmed
Eli Taugbøl gullsmed
Kristian Aabø gullsmed
Aslak Aabø gullsmed
Rolf Kilen smed
Olav Mosdøl diktar
Torbjørg Aas Gravalid felespelar fødd i Kviteseid , bur no i Asker
Jørgen Tjønnstaul spelemann fødd i 1894 på Tjønnstaul i Åsgrend
Sterke Nils fødd på Rulleteig i Brunkeberg 1821-1800. 'Klypelyftstein' på Kviteseid bygdetun. Steinen Sterke Nils lyfte i klypa, neven
Aslaug Vaa 1889-1965. (les meir: 'Aslaug Vaa og blomane i Kviteseid', Inger Nordals artikkel i Den vesle Kviteseidboka av Tore Skaug)
Frå diktet Linerlun:
...
og vil ein ha fred i hugen sin
skal ein vera ein dag i Nivilkinn
...
når haslegreinin av netar bognar,
når kànnet skjærnar og moltene mognar.
….
Mat:
Kviteseidsmør
Napoleonskake
Fritidsaktivitet:
Dalaåi og Fikjan, gangveg frå Kviteseid sentrum, fiske og bading
Sorgenfri badeplass ved rv 41 mot Spjotsodd.
Morgedalstjønni badeplass
Fotballskolen i Vrådal (les meir: idrett og friluftsliv)
Eidsto badeplass i Vrådal
Turkart (les meir)
Idrett og friluftsliv
Kviteseidmarken: Sommarmarken i juni. Vintermarken i februar.
Kviteseiddagen på bygdetunet i august.
Kulturminne og og andre attraksjonar:
Kaasaskulen, Kviteseid seminar, den fyrste læraraskulen i landet
Kulturminnevegen frå Kviteseid bryggje til Brunkeberg kyrkje
Tåresteinen i Kviteseid gamle kyrkje. Stein med lækjande kraft. Truleg ein serpentin.
Tussesteinen på Kvålseth i Ordal. (same steinsort som steinen i Kviteseid gamle kyrkje)
Klypelyftstein på Kviteseid bygdetun. Steinen Sterke Nils lyfte i klypa, neven.
Gotuholdteika, gamal eik langs Kulturminnevegen
Holtaneika, freda eik ved rv 41 i enden av Brunkebergbakkane.
Blytts hage, ei blomerik li ved Bandak, oppkalla etter botanikaren Mathias Blytt då han var i Kviteseid i 1838.
Messehakel i Brunkeberg kyrkje, sauma av Gimsøy-nonner, frå før reformatorisk tid.
Krusifiks i Kilen kapell, laga av 15 åring Marit Andersen (no vaksen)
Fjågesund landhandel, bui som har alt. Ligg ved Fjågesund bryggje.
Fram, veteranbåt frå 1909, restaurert i 1971, med turar på Nisser og Vråvatn frå Straand sommarland i Vrådal
Slusene Småstraum og Sorstraum i Vrådal, med landets eldste nåledammar. ( Vrådal slusemuseum)
Nissetun og Sølvsmie og kunstgalleri ved Straand hotell. Sølvsmed Astrid Syftestad.
Gamlebanken, bygg i sveitserstil frå 1911 (les meir: Kviteseid sparebank), no er bygget bibliotek (Kviteseid folkebibliotek)
Sist oppdatert 16.12.2010