Lånereglar
Lånereglar ved Kviteseid Folkebibliotek
Lånerett:
- Alle har rett til å låne gratis frå biblioteket, du får lånekort mot å vise legitimasjon
- Institusjonar blir registrert ved ein ansvarleg person
- Barn under skulepliktig alder låner på føresette sitt lånekort
Deler av biblioteket sine samlingar er ikkje til heimlån, bare til bruk på staden
Brot på lånereglane kan medføre tap av lånerett
Lånetid:
- Lånetida er normalt 4 veker, men det kan vere unntak, t.d er lånetid på
video 1 veke. Låne kan vanlegvis bli forlenga inntil 3 gonger, dersom
materialet ikkje er reservert.
Fornying:
Kan skje ved frammøte på biblioteket via telefon, e-post eller med e-tenestene / internett katalogen.
Reservering:
Materialet som er utlånt kan som regel reserverast. Det blir sendt melding
når materialet kjem, med ei frist for og hente. Dersom materialet ikkje vert henta blir fjernlån returnerte og etterspurte ting lånt ut til andre.
Tinging:
Bøker vi ikkje eig sjølve prøvar vi å skaffe frå andre bibliotek.
For slike lån gjeld lånereglane til eigarbiblioteket, inkludert satsar for
erstatning/gebyr.
Ansvar:
- Lånarane er ansvarlege for det som blir lånt på eige lånekort.
- Hugs lånekort når du skal låne.
- Meld adresseendring (også endring av e-post adresse) og tap av lånekort til biblioteket.
Bøker o.a som ikkje er levert før lånetida er ute, vert purra. t vert send 3
varsel før erstatningskrav.
Tapt eller øydelagte materiale må erstattast etter fastsette satsar.
Særskilde reglar:
- Video/dvd lånt på biblioteket er til privat bruk, og det er lånaren sitt
ansvar å fylgje aldersmerking.
- Biblioteket er ikkje anvarleg for skader som måtte oppstå på teknisk
utstyr ved bruk av lånt materiale, t.d video og kassettar.
- Biblioteket er heller ikkje ansvarleg for problemer knytt til bruken av Internett frå biblioteket sine datamaskiner.
Sist oppdatert 21.06.2010