Smørbukk
Solveig Muren Sanden
Vrådal - Kviteseid
(1918 - )
SMØRBUKK - Legendarisk norsk teikneserie, sjølve ur-inkarnasjonen på den (ny)norske joleheftetradisjonen. Solveig Muren Sanden har teikna over 60 Smørbukk og Tuss og Troll i perioden 1957-1981. Ho er ein av tidenes største norske serieteiknarar, spesielt kjent for dei flotte eventyrseriane i joleheftet Tuss og Troll (Norsk Barneblad), som hun overtok etter Jens R. Nilssen i 1957.
Smørbukk Tekst: Andreas Haavoll, Johannes Farestveit, Haakon Aasnes, Solveig Muren Sanden Teikningar: Jens R. Nilssen , Haakon Aasnes, Solveig Muren Sanden Utgitt: 1938 - . Opphavsland: Norge.
|

|
Besøk Torbjørns tegneserieguide
Der finn du dette om Smørbukk og Solveig Muren Sanden, og mykje meir.
Vi låner eit sitat frå forfatteren Ragnar Hovland , som bl.a. seier:
'- Og det beste av alt: Eg skal feire nynorsk jul. I år som i alle andre år. Og vi som feirar den nynorske jula har store fordelar. Der vi sit i godstolen og les 'Smørbukk', 'Tuss og troll', 'Vangsgutane', 'Peik' og alle dei andre gode og spennande nynorske julehefta, veit vi at vi kan gå trøystig inn i jula. Vi kan berre leggje i oss av pinnekjøtet og juleakevitten utan å tenkje på helsa. For vi er jo nynorskingar og har dermed eit mykje sunnare utgangspunkt enn dei andre. Her er det ikkje mykje hjarte- og karsjukdommar å sjå, skal eg seie deg. Og når vi går rundt treet og syng 'Fager er jordi', 'Det hev ei rosa sprunge' og 'Her kjem me, dine arme små' mens den nynorske julesnøen lavar ned utanfor, så kjenner vi at dette har vi fortent. Dette er belønninga for alt strevet og all motgangen vi må gjennom elles i året.'
Forfattere: Andreas Haavold og Johannes Farestveit
Forfatter/tegner: Jens R. Nilssen, Solveig Muren Sanden og Haakon Aasnes.
Hallvard Dyrland frå Seljord står bak ei fin Smørbukkside:
Smørbukk på nett
Her finn du ein del bilde, historikk om serien, og litt informasjon om teiknarane.
Hallvard skriv sjølv at sidene er 'først og fremst en hyllest til den gamle Smørbukken,
den fra 40-, 50-, 60- og 70-årene'.
Sist oppdatert 16.12.2010