Jordbruk
NB! Kviteseid og Nissedal kommunar har eit felles landbrukskontor lokalisert til Kviteseid. Den sida for teneste/innhald du er på nå høyrer inn under dette kontoret sitt ansvarsområde. Du er derfor nå på heimesida til Kviteseid kommune. Dersom du ynskjer å navigere vidare til Nissedal kommune kan du klikke her.
Forvalting av jord- , odels- og konsesjonslov
I Kviteseid kommune er det Sektorutvalet for service og utvikling som er det politisk organet for alt av landbrukssaker.
I Nissedal er det formannskapet som er det politiske organet for alt av landbrukssaker.
Sakene som dei får til avgjer og uttale kan vere t.d. konsesjonssaker inkl. bupliktsaker (nytt etter 01.07.2009), deling og omdisponering etter jordlova, drivepliktsaker etter jordlova, motorferdsel i utmark, viltsaker, høyringssaker og andre saker innan fagfeltet.
Møteplan for Styret for service og utvikling i Kviteseid i 2011:
Tysdag 25. januar
Tysdag 22. mars
Tysdag 14. juni
Tysdag 30. august
Tysdag 1.november
Tysdag 22. november
Møtestad er kommunehuset, sal Brunkeberg, i Kviteseid klokka 09.00
Møteplan for formannskapet i Nissedal 1.halvår i 2011:
Torsdag 20. januar
Torsdag 10. februar
Torsdag 3. mars
Torsdag 31. mars
Torsdag 5. mai
Torsdag 19. mai Torsdag 23.juni
Møtestad er formannskapskontoret på kommunehuset i Treungen klokka 08.30
- Forvalting av jord- , odels- og konsesjonslov. Erverv av fast eigedom (konsesjon)
- Deling av eigedom
- Bu- og driveplikt
Aktuell informasjon frå landbrukskontoret
Beiteprosjektet i Agder og Telemark 2008-2009
Nordbygda i Nissedal er ein av dei ti pilotane i dette prosjektet.
Ved å klikke på tittelen finn de informasjon om prosjektet som har undertittel 'Beite som ressurs for landbruket og bygda'. Prosjektet skal setje søkjeljoset på å oppretthalde og utvikle kulturlandskapet som fellesgode og som økonomisk faktor for næringsliv og busetnad.
Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget styrer prosjektet. Kommunane og Fylkesmennene er medverkande. Reiselivsnæringa er den viktigaste allianseparten i bygdene og må vere synleg støttespelar i gjennomføringa.
Floghavre
klikk for meir info om floghavre
Plastinnsamling
Kvar vår og haust er det innsamling av landbruksplast. For gardbrukarar i Nissedal er det innlevering heile året ved IATA sitt anlegg i Nissedal. I Kviteseid har vi hatt godt samarbeid med Gangstø Transport AS frå Vikebygd. Innsamlingsstadene er vanlegvis vegstasjonen i Vrådal, verkstadbygget til teknisk drift i Kviteseid og ved vegskiljet mellom gamle E-76 og nye E 134 i Morgedal. Sjå etter annonse i Vest-Telemark Blad.
Det er lurt å samle plasten ein stad heime på garden slik at det er greitt å frakte han til den næraste innsamlingsstaden til hausten. Dersom det er svært mykje plast, kan ein få transportselskapet til å hente plasten på garden. Gardbrukarar i Nordbygda i Nissedal fekk avtale om å frakte plasten til grushola i Vormvik. Dette er mykje kortare enn å måtte køyre plasten til Vrådal eller IATA sitt anlegg.
Fornying av sprøyteseritfikat og kurs for dei som skal ta sprøytesertifikat for første gong
Bygdevis (ei verksemd eigd av Telemark Bondelag som skal drive kurs og kompetansetiltak spesielt retta mot landbruket og bydene i Telemark) tilbyr 7-timars dagskurs/teorikurs med lærar den 15.mars 2011 på Bø Hotell for dei som skal fornye sertifikatet sitt. Deltakarane må bestå avsluttande oppgåve for å få fornya sprøytesertifikatet.
Påmelding og nærare informasjon hjå Bygdevis v/ Telemark Bondelag telemark@bondelaget.no eller tlf 35 95 90 30.
Bygdevis v/Telemark Bondelag tilbyr kurs for dei som skal ta sprøytesertifikat for fyrste gong. Obligatorisk praksisdag på Søve vg.skole tysdag 29.mars 2011 inkl. eksamen. Ta kontakt med Bygdevis. Sjå over.
Landbruksplan for Kviteseid 2005-2008
Her finn du heile planen. I løpet av 2011 skal tiltaksretta handlingsplan for landbruket i Vest-Telemark handsamast i alle kommunestyra i VT-kommunane for deretter å takast opp i Vest-Telemarkrådet. Planen er sendt på høyring til kommunar og organisasjonar. Det er Vest-Telemark næringsutvikling som har sektretariatet og har sendt ut planen i desember 2010. Høyringsfrist er 20.februar 2011. Sjå også meir på www.vt-radet.no
Landbruksplan for Nissedal 2007-2010
Planen er vedteken i kommunestyret for Nissedal den 29.mars 2007. Planen finn de her.
Her finn de foto av Bronsekyri som står i Kviteseid sentrum. Kyri er laga av Trygve Barstad, Flatdal, i samband med 150-års jubileet for telemarkskyri i 2006.
Sist oppdatert 29.12.2010