Kommunale tilskotsordningar
NB! Kviteseid og Nissedal kommunar har eit felles landbrukskontor lokalisert til Kviteseid. Den sida for teneste/innhald du er på nå høyrer inn under dette kontoret sitt ansvarsområde. Du er derfor nå på heimesida til Kviteseid kommune. Dersom du ynskjer å navigere vidare til Nissedal kommune kan du klikke her.
Tor Vaa's jorddyrkingsfond
Tor Vaa` s jorddyrkingsfond vart oppretta av Kviteseid heradstyre 15.september 1919. Det var Tor Vaa (fødd på Rauland 23.08.1864) som gav eit fond på kr 50.000. Tanken var at rentene skulle koma til hjelp for jordbruket. Noko av pengane skulle gå til premiar og resten til nydyrking. Tor Vaa kjøpte gardar og skogar til uthogst, og han gjorde det godt heilt til 'krakket' kom i 1920-åra. Tor Vaa gjekk då konkurs. Tor Vaa var gift med Marie Kristofferdotter Roholdt frå Vrådal. Dei fekk 9 born og fem av dei vaks opp. Både Dyre Vaa (bilethoggaren) og Aslaug Vaa (diktaren) var ungane til Tor og Marie. I Kviteseid budde dei på Haugen i Haukomgrendi. Tor Vaa døydde i 1928 og ligg gravlagd på Ullern kirkegård.
Vedtekter for Tor Vaa`s jorddyrkingsfond
Vedtak i Kviteseid kommunestyre 8. mai 2003
1
Tor Vaa`s jorddyrkingsfond har til føremål å fremje jordbruk og nydyrking i Kviteseid kommune. Grunnfondet på kr 170.000,- skal ikkje rørast. Minst 1/5 av renteinntektene skal gå til styrking av fondet. Resten av rentene skal til vanleg delast nokolunde likt mellom tilskot til nydyrking og premiar for godt jordbruk.
2
Kviteseid kommunestyre rår over fondet, men delegerer avgjerder om premiar og tilskot til det kommunale utvalet som forvaltar landbruksfaglege saker. Kommunestyret vel ei nemnd på 3 jordbrukskunnige personar for kvar valperiode. Nemnda skal koma med framlegg om yting av tilskot og premiering. Jordbrukssjefen er sekretær for nemnda.
3
Tilskot til nydyrking kan gjevast til søkjarar som eig eller leiger jord. Dei som ynskjer tilskot til nydyrking, må sende søknad til nemnda innan ein frist som vert kunngjord ved annonsering.
4
Det skal vera ærefullt å få premie for godt jordbruk. Vinnarane må vere dugande gardbrukerar. Dei må drive eit aktivt og framtidsretta jord- eller hagebruk. Det kan delast ut inntil 4 likeverdige premiar. Dette bør vera høvelege ting i sylv, der namnet til fondet, årstalet og namnet til mottakaren er inngravert. I tillegg til premien skal det delast ut ein innramma diplom teikna av Tor Vaa, soneson av han som grunnla fondet. Vinnaren får også vedtektene for Tor Vaa`s jord-dyrkingsfond. Premie og diplom bør bli i ætta og helst på garden så lenge ætta til vinnaren bur der.
5
Det vert delt ut tilskot og premiar kvart 4. år, dersom nemnda finn høvelege kandidatar. Unytta rentemidlar skal leggjast til grunnfondet.
6
Fondet er underlagt kommunal rekneskapsrevisjon.
Sist oppdatert 08.02.2011