MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Reiseliv

Velkomen til Kviteseid. Vår kommune er ein av dei viktigaste reiselivskommunane i Telemark.

 

Her finn du ein unik natur og mange attraksjonar som:

To store vassdrag – Bandak og Nisser/Vråvatn, og ei rekkje mindre vatn. Her er rike bestand av aure, sik, røye, tryte (abbor) og i Bandak vassdraget ål.
Lang badesesong på grunn av godt lokalklima.
Høge fjell med toppar over 1100 meter over havet – eit rikt nett av merka turvegar i heile området.
Rike kulturminne og mange spanande attraksjonar som Telemarkskanalen, "Skieventyret" og Kviteseid Bygdetun.

 VRÅDAL

Vrådal er den største reiselivsdestinasjonen i Kviteseid kommune, ei turistbygd med over 140 års tradisjonar. I dag finn du to hotell og mange verksemder som driv med utleiehytter, appartement og camping. Det er i dag rundt 1200 gjestesenger i Vrådal og fleire kjem til ved den utstrakte hyttebygginga som går føre seg ved Vrådal Skisenter og andre stader i Vrådal. Her er det gode moglegheiter for dei som er ute etter å kjøpe seg fritidsbustad.

 
Meir om aktiviteten i Vrådal finn du på: www.vraadal.com og www.ms-fram.no

Ta og kontakt med turistinformasjon i Vrådal på: Vrådal Turistservice tlf +47 35 06 90 00


MORGEDAL

Morgedal er kjent som "Skisportens vogge" og som fødestaden til skipioneren Sondre Norheim. Dei fleste huksar sikkert tenninga av "Morgedalselden" på Øvrebø, der Sondre budde, føre OL på Lillehammer. Ein annan kjend morgedøl, Olav Bjåland, gjekk fyrst i følgjet til Roald Amundssen på ferda til Sydpolen. På Norsk Skieventyr finn du interessante minne frå denne ekspedisjonen som elles byr på ein spanande framstilling av vår skihistorie.

 


For meir informasjon: www.morgedal.com


KVITESEIDBYEN

Turistinformasjonen er ope i sommarsesongen:

Telefon 95 45 15 46  Alternativt 35 06 81 00
Fax : 35 06 81 01
e-post til turistinformasjonen post@kviteseid.kommune.no

 

Kviteseid bryggje

På høgdedraget mellom  Kviteseidbyen og Bandak ligg Tveitgrend.

Tveitgrend er snørikt på vinterstid, med fantastisk skiløyper i heiterreng. Sommarstid ein plante og blomsterflora du sjeldan finn maken til. I området her kan du finne både Bergfrue, Sannikkel, Systermarihand og Myskemaure. Og orkideane Tveblad, Nattfiol, Koralrot og Fuglereir! Sommarfuglen Apollo er ein sjeldan kar, men i Tveitgrend finn du han.


Andre attraksjonar i Kviteseid

Kviteseidbyen er kommunesenteret i Kviteseid kommune. Senteret har bore dette namnet sidan slutten av 1800-talet. Kviteseidbyen er eit livleg og triveleg handels- og servicesenter. Her finn du daglegvarebutikkar, apotek, bokhandel, sylvsmed, fleire kledebutikkar for å nemne nokre. Eigen handverksbakar sørgjer for ferske brød og gode kaker – Waldenstrøms kafe er ein samlingsstad for både kviteseidingar og tilreisande. Turistinformasjonen finn du i på bryggja i Kviteseid sentrum  der kanalbåtane Henrik Ibsen og Viktoria kjem inn kvar dag i sommarsesongen. For meir informasjon: www.kviteseidbyen.no

Turistinformasjonen finn du i på bryggja i kviteseid sentrum som du ser nede på bilete
bryggja er og den plassen kanalbåtane Henrik Ibsen og Viktoria kjem inn kvar dag i sommar
sjå og vår side museum og attraksjonar

Turistinformasjonen er ope i sommarsesongen:
Telefon 95 45 15 46 Alternativt 35 06 81 00
Fax : 35 06 81 01
e-post til turistinformasjonen post@kviteseid.kommune.no

Sist oppdatert 05.07.2010


Relevante Artiklar
Sjå også