MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Klagerett

Alle vedtak (einskildvedtak) om sosialhjelp kan ein klage på.
Klaga skal vera skriftleg, sei noko om kva ein klagar på og kvifor ein  er usamd. 
NAV  kan hjelpe deg med å formulere/skrive klaga.
Du kan og klage dersom du synes du får dårleg behandling ved kontoret.
ALLE klager skal sendast til NAV-kontoret i Kviteseid.
Klagefrist er 3 veker frå du mottok vedtaket.

Slik vert klaga handsama:

NAV-kontoret lokalt har høve til å gjera om vedtaket dersom dei seier seg samd i klaga di.

Dersom NAV opprettheld vedtaket du klagar på, vil saka automatisk sendast til Fylkesmannen i Telemark.
Fylkesmannen har det endelege og avgjerande ord i saka. Du kan derfor ikkje klage på vedtaket frå Fylkesmannen.
Alle vedtaka frå Fylkesmannen blir gjevne skriftleg og med grunngjeving for avgjerda.
Vi gjer Dykk merksame på at handsaming av klager hjå Fylkesmannen kan ta noko tid.

Sist oppdatert 16.03.2011