Fristar, selskap
NB! Kviteseid og Nissedal kommunar har eit felles kontor som sekretariat for skatteoppkrevjarane. Dette kontoret er lokalisert i Kviteseid. Den sida for teneste/innhald du er på nå høyrer inn under dette kontoret sitt ansvarsområde. Du er derfor nå på heimesida til Kviteseid kommune. Dersom du ynskjer å navigere vidare til Nissedal kommune skal du klikke her.
Dei fleste fristar og forfall er ikkje fastsett av kommunekasseraren, men er bestemt i lov, eller fastsett av kommunestyret.
I dei tilfella fristen eller forfallet er på ein laurdag, sundag, heilagdag eller offentleg høgtidsdag, blir fristen utsett til den fyrste påfølgjande kvardag.
Ved for sein betaling kjem forseinkingsrenter i tillegg. Plikta til å svare renter er lovfesta.
Firistane for selskap:
Dette gjeld aksjeselskap og andre som er fritekne for innbetaling av forskotsskatt og for å bli undergjeve forskotstrekk
Førehandsskatt (Skattebetalingslova § 27 nr 2)
To terminar i året etter likningsåret
1. termin 15. februar
2. termin 15. april
Tilleggsinnbetaling(Skattebetalingslova § 27 nr 4)
30. mai året etter likningsåret.
Resterande skatt (Skattebetalingslova § 27 nr 6)
Dette er forskjellen mellom utlikna skatt og førehandsskatten, dette går fram av skatteoppgjeret.
Resterande skatt forfell til betaling 3 veker etter skatteoppgjeret om hausten.
Sist oppdatert 21.02.2010