Skatteoppgjer personleg skatteytarar
NB! Kviteseid og Nissedal kommunar har eit felles kontor som sekretariat for skatteoppkrevjarane. Dette kontoret er lokalisert i Kviteseid. Den sida for teneste/innhald du er på nå høyrer inn under dette kontoret sitt ansvarsområde. Du er derfor nå på heimesida til Kviteseid kommune. Dersom du ynskjer å navigere vidare til Nissedal kommune skal du klikke her.
Likninga blir samanlikna med det skattetrekket som du/arbeidsgjevaren din har innbetalt for året. Er det ein skilnad, skjer det eit skatteoppgjer. Her blir det gjeve ei kort, generell orientering:
Manglande godskriving av forskotstrekk på avrekninga.
Klage på manglande godskriving av forskotstrekk som gjeld skattytarar som er skattepliktige til Kviteseid kommune, blir behandla av skatteoppkrevjaren i Kviteseid kommune. Saman med klaga må ein leggje med kopiar av lønsslippar og eventuelle løns- og trekkoppgåver.
Me gjer merksam på at utlikna restskatt må betalast innan fristen. Blir skatten ikkje betalt inn, og det etter klage likevel blir restskatt, vil skatten bli belasta med forseinkingsrenter frå og med det tidspunktet den opprinnelege restskatten forfalt ( ved ei eventuell forhøging vil berre den delen som utgjer auken få nytt forfall )
Obs! Skatteoppkrevjaren behandlar ikkje klager på sjølve likninga. Spørsmål om dette må ein rette til: Skatt Sør telefon: 80 08 00 00
Pengar til gode ved skatteoppgjeret
Har du pengar til gode, vil du normalt få desse tilsendt, med tillegg av rente, innan ei veke etter at likninga er lagt ut.Dei fleste vil få beløpet direkte inn på bankkonto. Dei som har reservert seg, vil få tilsendt utbetalingskort.
Ventar du tilgodebeløp og synest det tek lang tid? Har du hugsa å sjekke om beløpet har kome inn på konto?
Dersom du skylder skatt for andre år, skatt til andre kommunar, har ubetalt bidragsgjeld, meirverdiavgift, eller har andre restansar til stat eller kommune, blir pengane dine halde tilbake for oppdekking, før eventuelt restbeløp blir utbetalt.
Har du hugsa å melde adresseendring til folkeregisteret? Har du ikkje fått skatteoppgjeret eller utbetalingskort, kan det ha kome i retur pga feil adresse.
Har du inbetalt for lite, får du restskatt:
Restskatt under kr 1.000 forfell i ein termin. Restskatt over kr 1.000 forfell i to like store terminar.
For dei som får skatteoppgjeret i juni: Sjå fristar.
For dei som får skatteoppgjeret i oktober: Sjå fristar.
Dersom du ikkje betalar ved forfall, vil du få forseinkingsrenter med 12 % p.a. I tillegg vil det kunne påløpe gebyrkostnader. Skatteoppkrevjaren har ei særstilling når det gjeld innkrevjingstiltak, og vil m.a. kunne be arbeidsgjevar utføre påleggstrekk (trekk i løn). Kravet kan og sikrast med pant i fast eigedom og lausøyre (utleggsforretning).
Sjølv om du har sendt klage til likningskontoret skal restskatten betalast til fastsett tid med fastsett beløp.
Bruk dei tilsendte betalingskorta ved betaling. Dersom du har mista betalingskortet, må du sjølv fylle ut eit betalingskort for skatt. Du må då ta kontakt med Skatteoppkrevjaren for å få tildelt eit KID-nummer.
Spørsmål om betaling kan du rette til telefon: 35 06 81 43
Sist oppdatert 22.02.2010