Skatteutval
NB! Kviteseid og Nissedal kommunar har eit felles kontor som sekretariat for skatteoppkrevjarane. Dette kontoret er lokalisert i Kviteseid. Den sida for teneste/innhald du er på nå høyrer inn under dette kontoret sitt ansvarsområde. Du er derfor nå på heimesida til Kviteseid kommune. Dersom du ynskjer å navigere vidare til Nissedal kommune skal du klikke her.
Skatteutvalet har tre medlemer som er valde av kommunestyret. Utvalet har, innanfor visse rammer mynde til å ettergje skatt og/eller renter og omkostningar.
Vilkår for lemping
Skattekrav skal som hovudregel betalast. Lemping av skatt inneber eit unnatak frå den hovedregelen, og krev ein særskild heimel i regelverket. I regelverket er dette omtalt som 'lemping av billighet'. Omgrepet 'lemping av billighet' kan med andre ord forklarast som ettergjeving på grunn av rimeligheitsvurderingar.
'Lemping av billighet' er meint som ein tryggleik for å hindre sterkt urimelege og utilsikta utslag av skattereglane eller innfordringa. Dette må sjåast i sammenheng med dei andre reglane i lovverket, både skattereglar og reglar som vernar skyldnarar ved pågang frå fordringshavarar.
Skattedirektoratet har gjeve retningsliner for praktisering av reglane om 'lemping av billighet'. Vilkåra for lemping kan stikkordsmessig samanfattast i følgjande fire punkt:
- det må liggje føre 'tilstrekkeleg billighetsårsak'
- det må liggje føre 'tilstrekkeleg 'billighetsverknad'
- det må vere årsakssamanheng mellom årsaka og verknaden
- lemping i den aktuelle saka må ikkje vere eigna til å svekke den allmenne betalingsvilja
Kort om dei einskilde vilkåra
- Vilkåret 'tilstrekkeleg billighetsårsak'
Dette tyder at det må vere ein eller fleire konkrete tilhøve som gjev grunn til å lempe kravet. Som hovudregel må årsaka ha oppstått etter at skattekravet oppstod. Årsaka må normalt vere uforutsett og av ein viss grad av alvor. Som døme nemner skattebetalingslova 'dødsfall, særleg alvorleg eller langvarig sjukdom, varig invaliditet'. Dette viser at det skal mykje til før vilkåra for lemping er oppfylde. Høg gjeld og/eller dårlig økonomi er i seg sjølv ikkje nok. Skatt er ilagt i høve til inntekt og formue, og det blir gjeve frådrag for spesielle utgifter. Det er ingen 'billighetsårsak' dersom betalingsvanskane skyldast skattytaren sine eigne økonomiske disposisjonar og prioriteringar. Det er heller ingen billighetsårsak' at skuldnaren har vore utsett for lovleg pågang frå kreditorar, til dømes utleggsforretning eller konkursbegjæring. Det er som nemnt bare dei utilsikta og sterkt urimelege utslaga av regelverket som kan gje grunnlag for lemping. Sjukdom er i seg sjølv ikkje tilstrekkeleg. Som det går fram av døma frå lova, er det eit krav at sjukdomen må vere særleg alvorleg eller langvarig. Sjukdom må dokumenterast. Sjå dessutan nedanfor under vilkåret 'tilstrekkeleg billigheitsverknad'.
- Vilkåret 'tilstrekkeleg billigheitsverknad'
Dette tyder at årsaka må ha hatt ei følgje som gjer at det er rimeleg å lempe kravet. Det krevjast som hovudregel at betalingsevna er svært svekka i høve til situasjonen då skattekravet oppstod. Eit døme: 'Billighetsårsaka' er langvarig, alvorleg sjukdom som gjer at skattytaren blir varig ufør og ikkje kan arbeide. Dette medfører at inntekta blir redusert, eller fell bort. Dersom årsaka (til dømes sjukdom eller uførheit) ikkje har påverka inntekta, er det ikkje grunn til å lempe kravet. Dette er tilfellet dersom pensjon eller forsikring medfører ein tilnærma lik økonomi.
- Vilkåret 'årsakssamanheng mellom årsak og verknad'
Tydinga av omgrepet 'årsakssamanheng' ligg i sjølve ordet. Det inneber at 'billighetsverknaden' (til dømes tap av inntekt) må ha kome som ei direkte følgje av 'billighetsårsaka' (til dømes sjukdom).
- Vilkåret 'ikkje svekke den allmenne betalingsvilja'
Vurderingstemaet her er om ei ettergjeving i dette tilfellet, dersom det blei kjent, vil kunne føre til dårlegare betalingsmoral for skattekrav hjå folk flest. Det kan seiast å ha ein samanheng med rettvis- og likskapsvurderingar. Det er svært mange tilhøve som kan vere relevante i denne vurderinga. Eitt av de sentrale spørsmåla er om det er noko spesielt ved søkjaren sin situasjon som tilseier at lemping likevel ikkje bør skje, sjølv om dei andre vilkåra er oppfylde. Moment som ofte blir tillagt vekt i slike tilfelle, er søkjaren sin økonomiske situasjon og søkjaren sine skatte- og likningsmessige forhold frå tidlegare år. Økonomiske forhold er relevante fordi det kan gje uheldige signal dersom ein person med høg inntekt og/eller høg formue får ettergjeve skattekrav, medan andre må betale. Dersom dårleg betalingsevne skyldast overforbruk av dyre varer, til dømes dyre bilar eller reiser, gjev det dårlege signal om han skal sleppe å betale skatt på grunn av sine ufornuftige økonomiske disposisjonar. Skattemessige tilhøve kan vere at søkjaren har vist liten vilje til å innrette seg etter reglar og praksis på skatteområdet. Dersom ein person ikkje har levert sjølvmelding, ikkje betalt restskatt gjennom fleire år, eller bevisst har hatt for lågt forskotstrekk/forskotsskatt, må vedkomande sjølv ta ein stor del av ansvaret for skattegjelda si. Då kan det verke støytande om gjelda blir ettergjeve. Skatteytarar har sjølv eit ansvar for å sørge for rett forskotstrekk eller forskotsskatt, og manglande aktsemd på det feltet vil kunne vere eit motargument. Dersom søkjaren tidlegare har søkt om, og fått medhald i 'lemping av billighet', skal det svært mykje til for at ein ny søknad blir innvilga.
Søknadsprosedyre og saksbehandling
Søknad fremmast for den som er ansvarleg for innkrevjing av den aktuelle skatten, altså skatteoppkrevjaren i den kommunen du er skuldig skatt til. Søknaden blir avgjort av skatteoppkrevjaren, skatteutvalet, skattefogden eller skattedirektoratet, avhengig av kor mykje som ein søkjer om å få ettergjeve. Søknaden skal uansett bli fremma for skatteoppkrevjaren, som førebur saka for overordna instans.
Kontakt skatteoppkrevjaren for å få tilsendt standard søknadsskjema.
Telefon 35 06 81 43
Følgjande opplysningar bør vere med i søknaden:
- søkjaren sitt navn, stilling/yrke og sivilstand
- søkjaren si inntekt, og eventuelt ektefellen/sambuaren si inntekt dei siste to åra
- talet på forsørgja personar, og deira alder
- kopi av sjølvmeldinga for dei siste to åra
- opplysning om skatten er basert på sjølvmelding eller skjønnslikning
- oppgjeving av kva krav som ein søkjer å få ettergjeve
- dokumentasjon for dei forhold som blir ført opp som 'billighetsårsak og -verknad'
Alle opplysningar bør, så langt det er mogleg, dokumenterast.
|
Sist oppdatert 21.02.2010