MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Undervisninga

OM UNDERVISNINGA. (Sjå opplæringslova §4, 1-2)

Vi har elevar med fleire funksjonshemningar, ofte både av psykisk og fysisk karakter. Nokre har språk andre ikkje, somme kan gå, andre sit i rullestol. Kort sagt er skilnaden på elevane våre større enn dei er blant ”vanlege ” elevar i den ordinære skulen.

Utgangspunktet for kva fag eller aktivitet elevane får, er dei ibuande ressursane eleven har sjølv. Det er såleis naudsynt med ei god kartlegging av eleven, samt eit godt samspel med andre personar som kjenner han/ho når vi lagar undervisningsopplegg.

Kommunikasjon er hjå oss ofte eit overordna mål å arbeida mot. Det å kunne gjera seg forstått på ein eller anna måte, er ein føresetnad for å få kontakt med andre. For fleire av elevane våre er alternativ kommunikasjon einaste måten dei kan kommunisere på. Såleis er bilete, teiknspråk, pictogram, musikk, kroppsleg kontakt og datakommunikasjon ofte viktige fag /aktivitetar for elevane våre.

Sosial trening er eit anna viktig område i undervisninga vår. Fleire av elevane våre har budd heime heile sitt liv og har såleis hatt liten sosial omgang. Gjennom gruppetimar i fag som musikk, forming, kroppsøving, bading , samt turar og andre velferdstiltak vi har, legg vi vekt på å øve denne dugleiken. På dette området ser vi stor framgang hjå alle elevane våre. Fleire er blitt flinkare til å kommunisere, - tek omsyn til kvarandre på ein betre måte enn før og er blitt modigare til å møte nye utfordringar i kvardagen, ” verden ” er kort sagt blitt tryggare å vera i.

Vi legg vekt på å ha god kontakt med andre personar rundt eleven. Vi har ”Ansvarsgruppe” for kvar elev. Desse drøftar målsettingane for eleven både for tilbodet på skulen, bustaden og i arbeidet om eleven har det. Vi ser det som viktig at dei aktivitetane vi har på skulen, og omvendt, kan fylgjast opp i bustaden eller på arbeidsstaden, når det er naturleg å gjera det.

Timeressursen til elevane:
Kvar haust vert langtidsplanen (3-årsplanen) revidert og ajourført for kvar elev. Kvar elev får skriftleg rapport om undervisninga som er gitt to gonger i skuleåret. Slik rapport vert sendt foreldre / føresette med kopi til skulekontora i kvar kommune. Alle elevane våre får tildelt undervisningstid (timar) etter ”Einskildvedtak” i kommunane, og etter sakkunnig vurdering gjort av PPT for Vest Telemark.

 

Sist oppdatert 04.03.2010