Aktivitet på skulen
Aktivitet på skulen
Skuledagen er ikkje alltid bare lekser og vanlege fag på timeplanen.
Ofte blir det lagt inn ulike aktivitetar i dei einskilde klassene.
Somme tider er heile småskuletrinnet, mellomtrinnet eller ungdomsstrinnet samla om ein aktivitet.
Og av og til kan heile skulen vara samla om eit prosjekt.
På denne sida skal du finne litt om dei ulike aktivitetane som har vore i det siste.
Aktivitet og måltid på Kviteseid skule
Kviteseid skule satsar i år stort på at elevane skal koma i god form og ha gode måltid.

Jan Rune Grave er inspirator for prosjektet. Her er han med å deler ut eple til elevane.
(Foto: Tone Tveit, VTB)
Skulen har blitt med på eit prosjekt som utdannings- og forskningsdepartementet har sett i verk.
Kviteseid skule er ein av sju skular i Telemark som er med.
Målet for prosjektet er å få meir fysisk aktivitet og betre måltid i skulen.
Fylkeskommunen har gjeve 35 000 kroner til prosjektet og kommunen tek resten.
Sist oppdatert 10.01.2010