Skulen si målsetjing
Kviteseid skule sin VISJON :
Trivsel, tryggleik, tillit og ansvar er grunnlag for all læring ved Kviteseid skule.
Borna dine er ikkje borna dine.
Dei er sønene og døtrene til livet.
Som lengtar etter seg sjølv
Dei kjem gjennom deg,
Men ikkje frå deg.
Du er bogen som borna blir skoten ut i frå
Som levande piler.
Bøy deg med all din kraft.
Slik at pilene kan nå langt.
Kjære foreldre og føresette!
No er hausten her og me er godt i gang med eit nytt skuleår. Som ny rektor ved skulen, er det svært spennande tider for meg, som det sikkert også er for elevane. Mange av dykk har eg møtt på foreldremøta som har vore til no, men framleis er det kanskje nokon som lurar på kven eg er.
Difor inviterar eg alle som ønskjer ein prat til å ta kontakt med meg. Ring gjerne og avtal tid! Eg ser fram til, og treng, eit nært samarbeid med dykk alle. Me har heilt sikkert eit felles mål; at elevane skal føle seg trygge, skal glede seg til å gå på skulen, og at dei skal trivast slik at lærdomen lettare skal kome til dei. Elles må me vere obs på kva som skjer både i og utanfor skulen og prøve å førebygge eventuelle problem. Til dette treng me samarbeid, og det ser eg fram til, m.a. gjennom FAU.
Saman har me tyngde, og eg veit me kan få til eit ope og trygt miljø for ungane våre, for oss sjølve, for lærarane og alle tilsette ved skulen.
Velkommen til nytt samarbeidsår!
Med beste helsing
Liv Sonja Flolid
Sist oppdatert 10.01.2010