Trivselsreglar med føresegner
Trivselsreglar for Kviteseid skule
I For å skape trivsel på skulen må alle:
- Vise ansvar og respekt, vera hjelpsame og vennlege.
- Få ha sine ting i fred. Ingen må grise til eller øydelegge noko på skulen.
- Vera på skulen sitt område.
- Vere med å halde orden og ikkje forstyrre andre klasser.
II Det er ikkje lov å bruke / ha med seg tobakk, alkohol og andre rusmiddel på skulen
eller på tilstellingar som skulen er ansvarleg for.
Føresegner til trivselsreglane:
Skuleområdet er:
Småskulen:
Plassen på nedsida av småskulebygget (v/huskene) og hogstområdet søraust for bygget, avgrensa av vegen i aust.
Mellom- og ungdomssteget: Framfor skulebygningen frå hoppbakken i nord til bommen i sør og idrettsbanen.
Det er ikkje lov til å opphalde seg på parkeringsplassen på oppsida av skulebygningen. Frå skuleslutt til bussavgang er også busshaldeplassen ein del av skuleområdet.
Reglar for åtferd:
- Mobbing og plaging er forbode
- Alle har ansvar for å seie ifrå om nokon blir plaga.
- Bruk ikkje banning og stygge ord.
- Det skal vera arbeidsro i klassa.
- Det er forbode med handlingar som kan skade andre, til dømes snøballkasting, sykling i skulegarden, dytting og herjing.
- Ikkje gå på taket, klatre på gjerda o.l.
- Elevane skal vera ute om ikkje anna er avtalt. Elevrådet kan drøfte andre løysingar med leiinga.
- Elevrådet kan gjera avtale med leiinga om opphald utanfor skuleområdet.
Konsekvensar:
- Elevmekling eller vaksenmekling.
- Beslaglegging av ulovlege varer eller ting.
- Melding eller annan kontakt med heim.
- Sitje att eller koma tidlegare på skulen.
- Eleven blir henta av sine føresette.
- Erstatning ved skade.
- Bortvising eller annan reaksjonsmåte.
- Nedsett ordens- og/eller åtferdskarakter.
- Grovare hærverk eller plaging kan meldast til politiet.
- Positiv åtferd kan gje "bonus".
Sist oppdatert 10.01.2010