MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Straumsnes oppvekstsenter Vrådal

Straumsnes skule

Rektor: Birger Skipar

Telefon: 35 05 53 20
E-post: birger.skipar@kviteseid.kommune.no

Elebilete

Alle klasser har uteskule timeplanlagt ved Straumsnes

Straumsnes oppvekstsenter ligg utruleg nydeleg til ved Nisser, og med slusene, slusemuseum. og idrettsanlegget som næraste nabo.

Barnehagen ligg vegg i vegg med skulen, og vi har eit tett samarbeid. Rundt oppvekstsenteret har vi uteområdet med skog, eng og vatn i eit flott kulturlandskap, og dette blir mykje nytta. M.a. har vi kanoar og ”utehus” til disposisjon. Dessutan ligg grendehuset på oppvekstområdet med bra gymsal.

Skulen er ein av dei aller eldste i landet, og vi finn historiske minnesmerke i nærområdet heilt frå steinalderen.

Barnehagen har ei avdeling med 18 plassar i alderen frå 1 til 6 år. I tillegg er det frå 15.8. 2011 oppretta ei småbarnsgruppe med 6 plassar.

SFO held til i øvre bygg. Vi har eigen SFO-avdeling, men morgontilbodet er lagt til barnehagen. Skulen har elevar frå 1.-7.klasse.

 MÅL: Straumsnes oppvekstsenter skal vere eit oppvekstsenter der læringsmiljøet er trygt og inkluderande. Oppvekstsenteret skal legge til rette for god fagleg og sosial innlæring både for kvar einskild og saman med andre. Alle skal bli sett i oppvekstsentermiljøet.

Sist oppdatert 09.05.2011