Ledige stillingar ved Kviteseid omsorgssenter
Vi har ledige stillingar ved Kviteseid omsorgssenter, både på somatisk og skjerma avdeling.
Ved Kviteseid omsorgssenter har vi ledig desse stillingane:
Somatisk avdeling:
Sjukepleiar (ID-339), 13,40% fast still. turnus (kvar tredje helg), ledig frå d.d.
Hjelpepleiar (ID-340), 49,30% still. turnus (kveld), vikariat frå d.d. til 14.01.13.
Hjelpepleiar (ID-341), 49,30% still. turnus, vikariat frå d.d. til 30.11.12.
Hjelpepleiar (ID-342), 14,32% still. turnus (helg), vikariat frå d.d. til 30.09.12.
Hjelpepleiar (ID-343), 13,96% still. turnus (helg), vikariat frå d.d. til 31.08.12.
Skjerma avdeling:
Hjelpepleiar (ID-335), 80% tidsavgrensa still., turnus, ledig frå d.d. til 31.12.12.
Hjelpepleiar (ID-336), 16,4% fast still. (kvar tredje helg), ledig frå d.d.
Hjelpepleiar (ID-337), 12% fast still. (kvar tredje helg), ledig frå d.d.
Hjelpepleiar (ID-338), 11,2% stilling (kvar tredje helg), vikariat 24.01.12-23.01.13.
Assistentar kan søkja dei ledige stillingane ved skjerma avdeling og kan få tidsavgrensa tilsetting.
Ved intern omrokkering kan det bli ledig andre stillingar.
Nærare opplysningar om stillingane ved somatisk avdeling kan du få ved å kontakte einingsleiar Åse Gotuholt eller ass. einingsleiar Grete Lid, tlf. 35068200.
Nærare opplysningar om stillingane ved skjerma avdeling kan du få ved å kontakte avdelingsleiar Målfrid Skree Birkeland, tlf. 35068203.
Fylgjande vilkår gjeld for alle stillingane:
Søknad vedlagt CV kan du sende til Kviteseid kommune, sentralarkivet, 3850 Kviteseid innan 25.01.12.
Dei som vert kalla inn til intervju må ta med rettkjende kopiar av vitnemål og attestar som det er visa til i søknaden.
Vi oppmodar om at elektronisk søknadsmodul vert nytta.
Sist oppdatert 04.01.2012