Ledig stilling som driftsoperatør
Eining for samfunnsutvikling og teknisk drift
Ved teknisk drift, uteseksjonen, har vi ledig 100 % fast stilling som
fagarbeidar/ driftsoperatør (ID 344)
Arbeidsoppgåvene omfattar:
Daglege drift av kommunen sine vass- og reinseanlegg samt leidningsnett.
I tillegg må den som vert tilsett og utføre anna forfallande arbeid ved eininga.
Den som vert tilsett må vera villig til å ta del i ein eventuell vaktordning på heilagdagar og i helger.
Vi ønskjer søkarar med :
-
Fagbrev som rørleggar , elektrikar eller mekanikar.
-
Manglande fagbrev kan kompenserast med erfaring frå liknande ansvars- og arbeidsområde.
-
Førarkort kl BE
Vi ønskjer ein person som kan kommunisere med publikum og er god på samarbeid.
Den som vert tilsett må leggja fram helseattest av ny dato
Den som vert tilsett må disponera eigen bil i tenesta.
Spørsmål om stillinga kan rettast til avd.ing Arne Kleivstaul, tlf. 35 06 81 14, mobil 922 69 475
Søknad vedlagt CV vert å sende til Kviteseid kommune, sentralarkiv, Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid innan 3.2.2012.
Dei som vert kalla inn til intervju må ta med rettkjende kopiar av vitnemål og attestar som det er visa til i søknaden
Vi oppmodar om at elektronisk søknadsmodul vert nytta. Du nyttar ID 344.
Sist oppdatert 12.01.2012