Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

2. gangs utlysing avdelingsleiar i 100% stilling

Ved Kviteseid omsorgssenter -KOS frå 01.10.10 skjerma avdeling er det ledig fleire stillingar.

KVITESEID KOMMUNE

Sektor for helse og omsorg

Ved Kviteseid omsorgssenter – KOS  skal vi frå 01.10.10 opne ei eiga skjerma avdeling.

Vi søkjer difor etter 

Avdelingsleiar i 100% stilling  (ID - 193)

                                            (2. gongs utlysing)

med tilsetjing 01.05.10.

Søkjaren bør ha eit positivt engasjement og interesse for denne brukargruppa.

-            Avd.leiar vil ha det faglege ansvaret for avdelinga.

-            Personalansvar, ansvar for GAT/økonomi, vikarar osv.

-            Dagleg drift av skjerma avdeling

-            Turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg

Vi ynskjer søkjarar med slike kvalifikasjonar:

-  Off. godkjend sjukepleiar

-  Leiarutdanning eller leiarerfaring

-  Vidareutdanning i geriatri eller psykiatri

    eller anna relevant tilleggsutdanning.

-  Gode samarbeidsevner/personlege eigenskapar blir vektlagt.

Avdelingsleiaren vil ha ansvar for planlegging og utforming av kvardagen for brukarane.

Løn etter avtale.

Stillinga som avd.leiar er berre lyst ut eksternt.

I samband med at vi opnar skjerma eining  ved Kviteseid omsorgssenter, KOS har vi  f.o.m. 01.10.10 ledig desse stillingane:

Sjukepleiar, 76,3% still. turnus, arb. kvar 3. helg

Sjukepleiar, 71,6% still. turnus, arb. kvar 3. helg

Hjelpepleiar, 71,7% still. turnus, arb. kvar 3. helg

Hjelpepleiar, 72% still. turnus, arb. kvar 3. helg

Hjelpepleiar, 16% still. turnus, arb. kvar 3. helg

Hjelpepleiar, 15,8% still. turnus, arb. kvar 2. helg

Hjelpepleiar, 15,7% still. turnus, arb. kvar 2. helg

Hjelpepleiar, 16,3% still. turnus, arb. kvar 2. helg

Hjelpepleiar, 16,9% still. turnus, arb. kvar 2. helg

Stillingane som sjukepleiar og hjelpepleiar er også lyst ut internt, interne søkjarar har førerett til stillingane.Ved tilsetjing av interne søkjarar, kan det bli ledig andre stillingar som sjukepleiar og hjelpepleiar ved KOS.

Nærare opplysningar om alle stillingane  kan du få ved å vende deg til einingsleiar på KOS, Åse Gotuholt, eller ass.einingsleiar Grete Lid, tlf.nr. 35068200.    

Søknad vedlagt CV og rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å sende til Kviteseid kommune, sentralarkivet, 3850 Kviteseid innan 07.04.10.

Sist oppdatert 24.03.2010