Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Ledige stillingar Kulturskule, barnehage og skule

Søknadsfrist for alle stillingane er 05.05.2010 sendes til Kviteseid kommune.

KVITESEID KOMMUNE

Sektor for skule og utdanning

I Kviteseid kommune har vi ledige desse stillingane:

 

Kulturskulen 

Ca. 62 % vikariat  for skuleåret 2010/11.

Me søkjer person(ar) med kompetanse til å undervise i:

-     Hardingfele ca. 13 %  (ID 194)

-     Piano ca. 32 %   (ID 195)

-     Tverrfløyte ca. 2,7 %  (ID 196)

-     Song ca. 13 %   (ID 197)

(Gitar og ulike korpsinstrument)

Nærare opplysningar kan du få ved å vende deg til rektor på kulturskulen, Villy Aufles tlf. 35 06 81 80 eller 90 98 23 65.    

 

Barnehagane  (ID 197) 

Fast 50 %  stilling som støttepedagog ledig frå 15.08.10 . Støttepedagogen skal dekkje alle dei 3 barnehagane i kommunen, og vil arbeide førebyggjande, med særskilt tilrettelegging for einskildbarn og for mindre barnegrupper. Personen må ha førskulelærarutdanning, og det er i tilegg ønskjeleg med utdanning innan spesialpedagogikk. Den som vert tilsett må disponere bil.

Nærare opplysninmgar om stillinga kan du få ved å vende deg til sektorleiar, Ellen Marie Prag, tlf 35068118.

 

Brunkeberg oppvekstsenter, barnehagen, blir fylgjande stillingar ledig frå 16.august 2010:

-   Fagarbeidar/assistent, 40% fast stilling (ID 199)

-   Fagarbeidar/assistent, 48% årsvikariat (ID 200)

(ID 201) I tillegg treng skulen leksehjelp for elevar frå 1.-4.trinn, 1 time etter skuletid to dagar i veka, og søkjer etter fagarbeidar/assistent i 5,33% mellombels stilling for skuleåret 2010/2011.

Det er ynskjeleg om leksehjelpstillinga kan kombinerast med annan stilling ved Brunkeberg oppvekstsenter.

Det kan vere aktuelt å kombinere alle dei ledige stillingane heilt eller delvis.

Nærare opplysningar om stillingane kan du få ved å vende deg til einingsleiar/rektor Inger-Marie Bang, tlf.  35055340.

 

Kviteseid barnehage ( ID 202)

Det er ledig inntil 50 % stilling som pedagogisk leiar, vikariat frå 15.08.2010 – 14.08.2011.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å vende deg til einingsleiar Tone Torp-Hansen, tlf. 35055310.

 

Evt. andre stillingar som måtte bli ledige i skule og barnehage (ID 205).  

Søknad til alle stillingane vedlagt CV og rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å sende til Kviteseid kommune, sentralarkivet, 3850 Kviteseid innan 05.05.10.

Vi oppmodar om at elektronisk søknadsmodul vert nytta.

Sist oppdatert 30.04.2010