100% stilling som Avdelingsleiar og sjukepleiar
Stilling som Avdelingsleiar i 100% og sjukepleiar i 80 % er ledig ved heimetenesta.
KVITESEID KOMMUNE
Sektor for oppvekst og omsorg
I heimetenesta har vi ledig desse stillingane:
100% STILLING SOM ASSISTERANDE EININGSLEIAR (2. gongs utlysing) (ID 203)
Hovudarbeidsoppgåver i stillinga er:
- Arbeide i turnus, inkl. kvar tredje helg
- Fagleg/administrativt ansvar saman med einingsleiar
- Leiaransvar når einingsleiar ikkje er til stades
Kompetansekrav:
- Utdanning som sjukepleiar
- Me ynskjer søkjarar med tilleggsutdanning innan administrasjon og leiing
Me kan tilby:
- Løn etter avtale
Me legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Den som vert tilsett må nytte heimesjukepleia sin leasingbil.
80 % fast stilling som sjukepleiar i turnus – arbeide kvar 3. helg (ID 204)
Stillinga er ledig frå d.d. .
For begge stillingane gjeld fylgjande:
Nærare opplysningar om stillingane kan du få ved å vende deg til einingsleiar Mona Landsverk, tlf. 35 06 82 10 eller 90 92 03 15.
Søknad vedlagt CV og rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å sende til Kviteseid kommune, sentralarkivet, 3850 Kviteseid innan 14.05.10
Vi oppmodar om at elektronisk søknadsmodul vert nytta.
Sist oppdatert 28.04.2010