Ledige stillingar ved teknisk drift
I samband med bygging av ny fleirbrukshall er det ved teknisk drift oppretta to nye stillingar.
I samband med bygging av ny fleirbrukshall er det ved teknisk drift oppretta to nye stillingar slik:
Vaktmeister i 100 % stilling (ID-207)
Stillinga er ledig f.o.m. 01.10.10.
Den som vert tilsett skal utføre vaktmeistertenester ved fleirbrukshallen og Kviteseid skule.
I tillegg femner vaktmestertenesta også om anna forfallande arbeid ved alle kommunale bygg når det er trong for dette.
Vaktmeisteren har nær kontakt med brukarane, og det vil bli lagt vekt på gode samarbeidsevner ved vurdering av søkjarane.
Me ynskjer søkjarar med allsidig bakgrunn i fag som elektro, mekanisk, - eller rørleggar.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett har førarkort klasse B .
Vi kan tilby ei utfordrande stilling der du bl.a. er med på å legge føringane for vaktmeisterfunksjonen i den nye fleirbrukshallen.
Spørsmål om stillinga kan rettast til einingsleiar Elsa Ann Hauglid tlf. 35068112/93219090.
Reinhaldar i 100 % stilling (ID-206)
Stillinga er ledig frå 01.10.10, reinhaldet må utførast på dagtid mellom kl. 0600 og kl. 17.00.
Det er mogeleg å dele stillinga.
Vi tilbyr deg ei utfordrande stilling i ny fleirbrukshall.
Reinhald er basert på ”kjemikaliefritt reinhald”.
Me ynskjer søkjarar med relevant yrkeserfaring frå tilsvarande arbeid.
Stillinga som reinhaldar er også lyst ut internt, interne søkjarar har førerett til stillingane. Ved tilsetjing av interne søkjarar, kan det bli ledig andre stillingar innan reinhald. Spørsmål om stillinga kan rettast til fungerande reinhaldsleiar Anna Vesterdal tlf. 91302384/35068115.
For begge stillingane gjeld fylgjande vilkår:
Søknad vedlagt CV og rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å sende til Kviteseid kommune, sentralarkivet, Kviteseidgt. 13, 3850 Kviteseid innan 25.05.10.
Vi oppmodar om at elektronisk søknadsmodul vert nytta.
Sist oppdatert 06.05.2010