Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Ledige stillingar i skule og barnehage

Vi har ledige fylgjande stillingar i skule og barnehage.

Vi har ledige desse stillingane:

Kviteseid barnehage:

50 % fast stilling (ID-208) som pedagogisk leiar f.o.m. 15.08.10

40 % vikariat (ID-209) i stilling som pedagogisk leiar i perioden f.o.m. 15.08.10 t.o.m. 14.08.11.

Eventuelt andre stillingar som måtte bli ledige.

Barnehagen har 54 plassar for barn 1 – 5 år. Nærare opplysningar om stillingane kan rettast til styrar Tone Torp-Hansen, tlf. 35055310.

Barnehagane:

Fast 50 % stilling (ID-210) som støttepedagog ledig frå 15.08.10. Støttepedagogen skal dekkje alle dei 3 barnehagane i kommunen, og vil arbeide førebyggjande, med særskilt tilrettelegging for einskildbarn og for mindre barnegrupper. Søkjarane må ha utdanning som førskulelærar, det er i tilegg ønskjeleg med utdanning innan spesialpedagogikk. Den som vert tilsett må disponere bil.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å vende deg til sektorleiar, Ellen Marie Prag, tlf 35068118.

Kviteseid skule:

Inntil 110 % stillingsressurs (ID-211) som fagarbeidar/assistent i skule og SFO.  Delar av ressursen er fast frå 15.08.2010, resten er mellombels for skuleåret 2010/2011. Stillingane følgjer skuleåret, og omfattar arbeid i klasser, i mindre grupper og med einskildelevar i skule og SFO.

Nærare opplysningar om stillingane kan du få ved å vende deg til rektor Knut Haugan, tlf 35055300.

For alle stillingane gjeld fylgjande:

Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest av ny dato ( jf. Opplæringslova §10-9 og barnehagelov § 19).

Stillingane er også lyst ut internt, interne søkjarar har førerett.

Søknad med CV skal sendast til Kviteseid kommune, sentralarkivet, 3850 Kviteseid innan 03.06.10.

Vi oppmodar om at elektronisk søknadsmodul vert nytta.

Sist oppdatert 20.05.2010