MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Ledige stilling ved Kviteseid omsorgssenter - skjerma eining

01.10.10 opnar vi ei eiga skjerma eining ved Kviteseid omsorgssenter. Vi har ledig fylgjande stillingar:

Ved Kviteseid omsorgssenter – KOS skal vi frå 01.10.10 opne ei eiga skjerma avdeling

Vi søkjer difor etter

avdelingsleiar (ID-212) i 100% stilling

(3. gongs utlysing)

med tilsetjing frå d.d.

 

Søkjaren bør ha eit positivt engasjement og interesse for denne brukargruppa.

- Avd.leiar vil ha det faglege ansvaret for avdelinga.

- Personalansvar, ansvar for GAT/økonomi, vikarar osv.

- Dagleg drift av skjerma avdeling

- Turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg

Vi ynskjer søkjarar med slike kvalifikasjonar:

- Off. godkjend sjukepleiar

- Leiarutdanning eller leiarerfaring

- Vidareutdanning i geriatri eller psykiatri eller anna relevant tilleggsutdanning

- Gode samarbeidsevner/personlege eigenskapar blir vektlagt.

Avdelingsleiaren vil ha ansvar for planlegging og utforming av kvardagen for brukarane.

Løn etter avtale.

Stillinga som avd.leiar er berre lyst ut eksternt.

Ved same eininga har vi f.o.m. 01.10.10 ledig desse stillingane (2. gongs utlysing):

Sjukepleiar (ID-213), 71,6% still. turnus, arb. kvar 3. helg

Hjelpepleiar (ID-214), 15,8% still. turnus, arb. kvar 2. helg

Hjelpepleiar (ID-215), 15,7% still. turnus, arb. kvar 2. helg

Hjelpepleiar (ID-216), 16,3% still. turnus, arb. kvar 2. helg

Desse stillingane er også lyst ut internt, interne søkjarar har førerett til stillingane. Ved tilsetjing av interne søkjarar, kan det bli ledig andre stillingar i pleie og omsorg.

Nærare opplysningar om alle stillingane kan du få ved å vende deg til einingsleiar på KOS, Åse Gotuholt, eller ass.einingsleiar Grete Lid, tlf. 35068200.

Søknad vedlagt CV og rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å sende til Kviteseid kommune, sentralarkivet, 3850 Kviteseid

innan 15.06.10.

Me oppmoder om at elektronisk søkemodul vert nytta.

Sist oppdatert 27.05.2010