Ledige stillingar i Kviteseid barnehage og ved Krodokk skule og dagsenter
Vi har ledige to vikariat i Kviteseid barnehage og ein mellombels stilling ved Krodokk skule og dagsenter.
Kviteseid barnehage
40 % stilling som fagarbeidar/assistent (ID-217), vikariat frå 15.08.2010 – 14.08.2011.
30 % stilling som fagarbeidar/assistent (ID-218), vikariat frå 15.08 – 31.12.2010.
Nærare opplysningar om stillingane kan du få ved å vende deg til einingsleiar Tone Torp-Hansen, tlf. 35055310.
Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av ny dato.
Krodokk skule og dagsenter
Inntil 100 % mellombels stilling (ID-219), for søkjarar med relevant utdanning og/eller erfaring med arbeid med vaksne utviklingshemma, for tidsromet 01.08.2010 – 31.12.2010.
Nærare opplysningar om stillingane kan du få ved å vende deg til sektorleiar Olav Kaasa, tlf. 35068130.
Felles for alle stillingane:
Søknad til alle stillingane vedlagt CV og rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å sende til Kviteseid kommune, sentralarkivet, 3850 Kviteseid
innan 15.07.10.
Vi oppmodar om at elektronisk søknadsmodul vert nytta.
Sist oppdatert 28.06.2010