Ledige stillingar på Kviteseid omsorgssenter
Vi har ledige stillingar på Kviteseid omsorgssenter, skjerma eining
Ved Kviteseid Omsorgssenter, skjerma avdeling, har me ledig desse stillingane:
Hjelpepleiar ID-321
, 74,20 % fast stilling, turnus, frå 10.10.11. Med atterhald om kommunestyret si godkjenning kan stilinga bli utvida til 100 % ut året 2011.
HjelpepleiarID-322,
2 faste stillingar à 11 %, arbeid kvar tredje helg, ledig frå d.d.
Ufaglærte ID-323, kan søkje stillingane og vil få mellombels tilsetjing.
Nærare opplysningar om stillingane kan du få ved å kontakte avdelingsleiar Målfrid Skree Birkeland, tlf. 35068203.
Søknader vedlagt CV kan du sende til Kviteseid kommune, sentralarkivet, 3850 Kviteseid innan 21.09.11 .
Vi oppmodar om at elektronisk søknadsmodul vert nytta.
Dei som vert kalla inn til intervju må ta med rettkjende kopiar av vitnemål og attestar som det er visa til i CV.
Sist oppdatert 01.09.2011