Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kommunale bustadtomter i Kviteseid kommune

Er du interessera i bustadtomt vil vi gjerne at du tar kontakt med oss.
Kommunen har kommunale tomter og byggefelt fleire stadar i kommunen, og det er ledige tomter igjen på fleire av våre felt.

I Kviteseid sentrum la kommunen ut eit nytt felt i 2014, Midtsundåsen,  og det har vore ein stor suksess. 
Over halvparten av tomtene er selt og på dei fleste tomtene har det nå kome hus. 
Dei solrike tomtene ligg nær fjorden og det er flott utsikt over Sundkilen. 
G/S-veg til butikkane i sentrum og til barnehage, skule og idrettsanlegg med både fotballbane (kunstgras), idrettshall og ljosløype. 

I Kviteseid sentrum er det òg att nokre tomter i dei eldre kommunale byggefelta. 

I Vrådal sentrum ligg Eidstod. Eit flott tomtefelt i ei solrik li med flott utsikt og kort veg til sentrum. 
Frå Eidstod er det  G/S-veg til barnehage, skule og idrettsanlegg med fotballbane og ljosløype.

Vårstaulen byggefelt i Morgedal er utbygd, og kommunen har regulera Vårstaulen 2 som nytt byggefelt. 
Her er det ikkje byggeklare tomter ennå, men ta gjerne kontakt om du synest området er interessant.

I Brunkeberg, sentralt plassera langs E134 er det igjen kommunale tomter. 
Her er det kort veg til skule/barnehage som ein kan gå til på eigen G/S-veg. Her er det i tillegg busstopp for ekspressbussane.

Kommunen vil arbeide for fleire byggeklare tomter framover. Arealplanen skal nå rullerast og ein vil legge til rette for fleire attraktive bustadområde.

Ta gjerne kontakt på tlf. 35068100 eller post@kviteseid.kommune.no for meir info.
  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk