Ny einingsleiar for teknisk drift
Elsa Ann Hauglid er tilsett frå 1. mars.
Elsa Ann Hauglid er tilsett som ny einingsleiar for Teknisk drift frå 1. mars. Teknisk drift er, målt i årsverk, ein av dei største einingane i Kviteseid kommune med vel 20 årsverk. Eininga har ansvaret for vatn, avløp, brannkorpset, eigedomsavgifter, kommunale vegar, vedlikehald og reinhald av kommunale bygg. Eininga har og det økonomiske ansvaret for tenester som blir utført av plankontoret i Nissedal, RENOVEST og brannvesenet på Høydalsmo.
Elsa Ann er 46 år og har budd i Kviteseid i 14 år. Ho kjenner oppgåvene i eininga godt, ettersom ho m.a. har vore avdelingsingeniør ved eininga i 2 år. I ein kommentar til redaksjonen seier Elsa Ann at ho gler seg til jobben. Det er spennande oppgåver, og mange dyktige og innsatsviljuge medarbeidarar. Den som har ansvaret for vedlikehald ynskjer seg alltid meir pengar, men det er ei utfordring å nytte dei midlane som politikarane stiller til rådvelde på ein best mogleg måte, seier ho.
Vi ynskjer Elsa Ann lykke til i ny jobb! Den tidlegare stillinga til Elsa Ann blir nå lyst ut.
Torbjørn Kaasa, som har vore einingsleiar til nå, går samstundes over i ein ny 60% jobb som byggjeleiar. Investeringsaktiviteten i Kviteseid er svært høg nå. Oppgradering av renseanlegget i Vrådal og kunstgrasbanen i Kviteseid er på det nærmaste ferdig. Fleirbrukshallen og sentrumsopprustinga i Vrådal står nå fremst i køen. God byggjeleiing er avgjerande for god framdrift og gjennomføring innafor opptrekte økonomiske rammer. Torbjørn har stor røynsle med slike oppgåver, og flotte resultat å vise til.
Vi takkar Torbjørn for innsatsen som einingsleiar og ynskjer lykke til i ny stilling!
Sist oppdatert 21.06.2010