MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Konsert på bygdetunet

Hei alle musikkinteresserte i Kviteseid 

Kulturskulen i Kviteseid og Kviteseid Bygdetun skipar saman til stor utekonsert på bygdetunet Onsdag 16. juni. Kl 17 00.  Her vil me få oppleva eit variert program.  Fleire klassikarar som Eagles sin ”hotell Calefornia” og Beatles ”Let it be” er ein del av programmet, men og nyare ting som  ”Sometimes” laga av Donkey Boy er blant låtane du får høra.  

Dei som spelar er elevar ved kulturskulen og kjem frå dei fleste klassesteg i Kviteseid. Hornmusikken skal og bidra med eit par klassikarar. Håkon Andreas L. Monsen, som vart send vidare til landsfinalen UKM, skal ha ein gjesteopptreden og spela Cold arrival, av Maneli Jamal, på gitar(atterhald om eksamen).

 Ver vaken å få med deg denne avslutningskonserten. Vanleg undervisning i kulturskulen går ut denne dagen.

 

Gratis inngang!

Ta med naboar og venner!

Dette blir topp! 

Villy Aufles