Målfest på Sundvang
Mållaget i Kviteseid arrangerte bygdekveld med målpris og mykje meir
Som det skal vere, arrangerte Kviteseid mållag bygdekveld på markensfredagen. I eit variert kulturprogram, med berre lokale krefter, var hovudinnslaget utdeling av målprisen. Prisen gjekk i år til systrene Britta Waldenstrøm og Borghild Ståland. Dei er oppvaksne på Åland, men snakkar feilfritt kviteseidmål. Ordførar Torstein Tveito sa at målprisen i år og var ein pris for munnbruk.

Leif Jamtveit vart og heidra av Kviteseid idrettslag og Kviteseid kommune for filmen som dokumenterer bygginga av den nyopna kunstgrasbanen i Kviteseid.
Eit anna høgdepunkt var prisutdeling for diktkonkurrranse på mellomtrinnet i skulen om heimkommunen. Juryen hadde hatt ein vanskeleg oppgåve, men prislista blei slik:
Delt andreplass mellom Neila Ivanauskaite og Sondre Hauglid. Neila sitt dikt, som ho framførte sjølv, heiter "Brunkeberg og lyder slik:
Brunkeberg er rik på skog og fjell.
Her kan me plukke blåbær
med hell.
om vinteren er det mykje sno,
her kan me ake
i fred og ro.
Om sommaren fer me til "Ny ork"
for å bade
og eta is med sjokolade.
I skogen er det
mykje elg,
dei ser me kvar helg.
Sondre sitt dikt heiter "Kviteseid", og lyder slik:
Om sommaren badar vi
og om vinteren aker vi
i Kviteseid er det masse å gjøre
vi har også det gode Kviteseid smøret
fotballbanen her er stor
sjøllv om ikkje graset gror.
Hans Tarjei Fjågesund blei vinnar med diktet "Fjågesund":
Ved Tleemarkskanalen ligg ein stad
det er Fjågesund
der er et veldig bra!
Der trivst eg veldig,
veldig godt,
fordi der er så kjempeflott!
Me jaktar på vilt frå morgon til kveld,
rådyr, hjort og elg,
vi skyt med eit smell!
I bygda har me eit grendehus,
der samlast me ofte,
me er alle dus.
Me badar om sommaren når det er varmt,
og når me stig opp att,
så blir det klamt.
På fjellet Ånos driv nokon med basehopp,
det synest eg er veldig rått!
Knarren ligg på ein liten topp,
der eg har gått,
eg tek ingen stopp!
Om vinteren er me i ein bakke på ski
der synest eg at det er kjempegod gli!
Ljosløypa gjeng me kvar einaste vinter,
men det er ikkje så masse sprint der!
Elevane i småskulen, 1. - 4. klasse vart inviterte til å skrive eventyr om heimbygda. Juryen valde å gje fyrstepremuien til heile 4. klasse på Kviteseid skule.
Kviteseid hornmusikk, godt supplert av venner frå Hjartdal og Seljord, lyfta nesten taket på Sundvang. Ikkje minst bidro Stan Blackburn - på nyinnkjøpt bass - til at rytmen sat som den skulle. Korpset - under taktsokken til Villy Aufles - avslutta med Summer Holyday. Dette fekk mållagsleiar Einar Søreide til å minnast gamle Cliff Richard - filmar med glede.
Andrea Fjågesund og Veslemøy Brattås framførte Hellbiillieslåta : Du er den finaste eg veit med stor innleving.
John Straume avslutta kvelden med eit interresant biletkåseri om Telemarkskanalen. Han hadde funne fram mange ukjende bilete av båtar opp gjennom tidene. John har stor kunnskap om kanalhistoria, og ga og uttrykk for at mykje meir av denne kulurhistoria burde vore teke vare på.
Det var mange som kosa seg på Sundvang. I pausa var det kaffi, servering og prat. Kjøkkengjengen varta opp med velsmakande rundstykke og kringle. Loddsal, med mange gevinstar, vart det og plass til på ein rikhaldig kveld. I ei samtale med redaksjonen ga kasserar Tore Midtsund uttrykk for at tilstellinga nok kom å auke kassabehaldinga til mållaget.
Sist oppdatert 21.06.2010