Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

2 522 Kviteseidingar ved årskiftet

Dei offisielle folketala frå SSB kom idag

SSB offentleggjorde folketal per 31.12.09 idag. Da var det 2 522 innbyggjarar i Kviteseid. Det representerer ein nedgang frå 2 546 ved førre årsskiftet. Det blei fødd 18 i fjor, medan 27 døyde.

Seljord, Fyresdal og Nissedal hadde vekst i folketal. Tokke, Vinje og Kviteseid hadde tilbakegang når ein ser året under eitt.

Kviteseid hadde i 4. kvartal ein auke på 6 personar. Nedgangen blei dermed mindre for 2009 enn det tidlegare kunne sjå ut til.

Sist oppdatert 21.06.2010