Kommunale avgifter 1. halvår
Rekningane for kommunale avgifter i 1. halvår vil få forfall ca 20.4.
Rekningane for avgifter 1. halvår vil du finne i postkasssa om ei vekes tid. I samband med dette kan opplysast fylgjande:
Kommunestyret har vedteke at avgiftene for vatn og avløp er dei same i 2010 som i 2009.
Styret for RENOVEST har vedteke at renovasjonsavgiftene blir auka med 2%.
For feiing og tilsyn har kommunestyret innført eit nytt avgiftsopplegg:
-
Ei årleg tilsynsavgift (brannvern) på kr 360 per eigedom
-
Ei årleg feieavgift på kr 190 for 1. pipeløp.
-
For dei som har fleire pipeløp, blir det gjeve 50% rabatt på feieavgifta frå og med pipeløp nr. 2
Tilsynsavgifta er friteken for meirverdiavgift. Slik lova krev blir det rekna meirverdiavgift på dei andre kommunale avgiftene.
For at kunden skal få best mogleg oversikt vil også tilsynsavgifta og feieavgifta nå bli delt i to halvdelar. Avgiftsfakturaen for 1. og 2. halvår blir dermed like for alle dei som ikkje har vassmålar, men betaler etter stipulert forbruk. Tidlegare var fakturaen større om hausten enn om våren.
Inkl meirverdiavgift vil totalrekninga for ein bustad på over 120 kvm stige med 1,5%, dvs klart under den forventa prisstigninga i samfunnet elles. Avgiftene for vatn og avløp i Kviteseid har tidlegare vore høge jamført med mange andre kommunar. Gjennom fleire år nå har det skjedd ei utjamning, fordi mange kommunar opererer med mykje større årleg auke enn Kviteseid har gjort/gjer. I 2010 ligg sumen av avgifter på ein normal eigedom ca 18% over landsgjennomsnittet, medan dei for 4 år sidan låg ca 37% over.
Kviteseid har dei lågaste renovasjonsavgiftene i RENOVEST-området fordi påslaget av administrative kostnader i høve til RENOVEST sine satsar er lågare enn dei andre kommunane har.
Kommunen ser gjerne at du nyttar avtalegiro eller e-faktura. Dette kan du ordne via nettbanken eller banken din.
Sist oppdatert 21.06.2010