MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Kviteseid hallen

Kristin Haugan vann konkurransen om ny logo til Kviteseid hallen.

Kristin Haugan vann konkurransen om logo til Kviteseid hallen

 

I samband med bygging av den nye Kviteseid hallen har elevane på Kviteseid skule deltatt i ein konkurranse om å lage logo til det flotte nye bygget. Konkurransen vart etablert som ein del av entreprenørskapsprosjektet ved kommunen. Industridesignar Ole Dale var hyra inn for å lære elevane meir om design. Han gav dei i oppgåve lage ein logo som skulle stå på veggen til hallen inntil bokstavane med namnet på den nye hallen – Kviteseidhallen.

Oppdraget var å lage ei teikning  av ein logo som skulle illustrere bygget og kommunen saman med ein liten tekst for å forklare tanken bak logoen. Etter kontakt med rådmannen vart det utlova ein premie på kr 500 til vinnaren av konkurransen.



Over 200 elvar deltok i konkurransen og det kom inn svært mange flotte teikningar. Ein jury med lærarar frå skulen, rådmannen og industridesignaren har vald ut vinnarutkastet som har vorte vidareforedla av industridesignar Ole Dalen. Onsdag vart vinnaren kåra, og framfor alle elvane på skulen dela rådmannen ut premiesjekken til vinnaren som vart Kristin Haugan.

Sist oppdatert 21.06.2010