MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Nytt frå rådmannen!

Ferietid i Kviteseid

Det er sommar i Kviteseid og bygdene i kommunen viser seg frå si beste side. Mange turistar vel å nytte seg av vår flotte natur og turisme er da også ei viktig næring i kommunen. Det tyder at medan mange av oss ferierar, så sommaren for andre, ei viktig og hektisk tid.

Internt i den kommunale verksemda er det og mange som har ferie. Samstundes må det kommunale apparatet vera i aktivitet heile året uavhengig av feriar. Innan helsetenestene er det full aktivitet også nå i juli. Det greier me ved å knyte til oss mange dyktige ferievikarar. Det har i media vore fokus på sommarjobb for ungdom. Me har ikkje ei særskilt tilskotsordning til dette føremålet, men på ei anna side er me heilt avhengig av å ta inn sommarvikarar i pleie- og omsorgstenestene for å kunne halde opp drifta gjennom sommaren. Også på teknisk drift og i sentraladministrasjonen har me teke inn sommarvikarar. Takk til alle dykk – både vikarar og fast tilsette - for at de stiller opp og hjelper til med å halde ”hjula i gang” slik at me andre kan nyte sommar og ferietid!

Interkommunalt samarbeid

Det interkommunale er viktig for oss i Kviteseid. Utan samarbeid hadde med neppe kunne makte å levere eit så omfattande tenestetilbod til innbyggjarane. Samarbeid gjev gevinstar både for økonomi og kompetanse og er vår måte å takle stadig nye reformer som blir sett i verk av overordna styresmakter.

Av nye interkommunale tiltak som er under oppstart kan eg nemne kan eg nemne eit prosjekt knytt til den såkalla samhandlingsreforma. Kommunane skal i framtida få større ansvar for ein del av dei helsetenestene som i dag blir levert av helseforetaka (sjukehusa). Saman med kommunane i Vest-Telemark og Sjukehuset Telemark ha me tilsett assisterande rådmann i Vinje, Sissel Bitustøyl som koordinator for dette prosjektet. Målet med prosjektet er å få til eit betre samarbeid mellom kommunane og sjukehuset slik at me skal bli i stand til å overta ein del viktig oppgåver frå sjukehusa. Det gjeld særleg førebyggjande arbeid og oppfølging av folk med kroniske sjukdomar som kols, diabetes m.m. Reforma vil krevje mykje av kommunane så derfor er prosjektet svært viktig for at me skal kunne kan takle dei nye oppgåvene på ein god måte.  

Samarbeidet vårt knytt til samfunnsutvikling i regi av Vest-Telemarkrådet og Vest-Telemark Næringsutvikling, står og overfor utfordrande omstillingar. Det interkommunale fondet for konsesjonskraft, Fellesfondet, blir frå nyttår ein del av det store Telemarksfondet som fleire kommunar i fylket kan dra nytte av. Som ledd i denne endringa skal kommunane i Vest-Telemark i løpet av hausten bli samde om korleis dette viktige samarbeidet skal organiserast og dimensjonerast. Eit av dei sentrale spørsmåla er kor omfattande apparat me skal etablere sett i ljos av at finansieringa frå Fellesfondet fell bort.

Det går også føre seg eit utgreiingsarbeid knytt til den kommunale brannberedskapen. I løpet av 2009 kom den interkommunale feiartenesta i full drift. No vert det arbeidd med å utgreie korleis me skal organisere den kommunale brannberedskapen. I dag er dei lokale brannfolka tilsett i kvar kommune medan brannsjefen er knytt til det interkommunale brannvesenet i Høydalsmo. Utgreiingsarbeidet skal gje svar på korleis me samla skal organisere denne tenesta slik at me får eit godt og trygt brannvern med enkle kommandolinjer og ei kostnadseffektiv drift.

Post og Politi

Uavhengig av kommunane sine samarbeidstiltak blir me i stor grad også påverka av dei strukturendringar som staten gjennomfører. To viktige samfunnsaktørar planlegg no strukturendringar i vår region. Posten vurderar å flytte og samordn sin distribusjon i Vest-Telemark. Kanskje vil den nye sentralen lagt til Brunkeberg?  Kviteseid kommune har i alle fall strekt seg langt for å få dette til gjennom at formannskapet har løyvd 1,2 mill kr frå næringsfondet til ei eventuell slik etablering.

Politiet driv og eit utgreiingsarbeid med sikte på å få til betre tenester gjennom ein reduksjon av talet på kontor. Sidan det lokale lensmannskontoret har ei sentral rolle i lokalsamfunnet, knyter det seg stor interesse kva for utfall denne saka vil få. Rapporten frå utgreiingsarbeidet vil liggje føre over sommaren. Oppfølging av dette arbeidet har høg prioritet både frå politisk og administrativ leiing.

Med desse ord om spanande oppgåver som står føre utover hausten ynskjer eg ein god sommar i Kviteseid.

 

Hans Bakke

rådmann

Sist oppdatert 19.07.2010