MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Skatteinngangen i 2011

Tala for skatetinnngangen i kommunane for heile 2011 blei offentleggjorde av SSB idag.

Skatteinngangen til kommunen blei i Kviteseid snaut 46,1 mill kr i 2011. Dette er ein nedgang på 8,2% i høve til 2010. Det er tre forklariongar som ligg bak denne nedgangen:

  1. Stortinget sette skatteprosenten ein betalar i kommuneskatt ned frå 2010 til 2011. Nedgangen i skatetinntekter for alle kommunane samla var 3,1%. For den einskilde skatetytaren slår dette ikkje ut ettersom fellesskatten er tilsvarande høgare.
  2. Kviteseid hadde lågare folketal ved inngangen til 2011 enn i 2010. Dette vil naturleg nok innebere at det er færre som betalar skatt.
  3. Skatten rekna per innbyggjar samanlikna med landsgjennopmsnittet gjekk ned frå 83,6% i 2010 til 81,0% i 2011 

Inngangen i Kvitesied tok seg likevel nopko opp i slutten av året samanlikna med gjennomsnittet.

Utslaget av svingande skatteionntekter på kommuneøkonomien er likevel ikkje så stor på kort sikt, ettersom staten utjamnar mykje gjennom eit inntektsutjamnande tilskot.

Du kan sjå inngangen månad for månad her.

 

Sist oppdatert 08.03.2012