eResept - Elektroniske reseptar
Tysdag 7. februar starta arbeidet med innføring av elektroniske reseptar i Telemark.
Tiydag 7. februar starta arbeidet med innføring av elektroniske reseptar i Telemark. Den nye ordninga vil auke sikkerheten og gjere kvardagen enklare for legemiddelbrukarane.
Fakta om eResept
-
Eresept tyder elektronisk resept. erRsept er og namnet på kjeden av IT-systemer som handterar reseptar elektronisk
-
Den som treng resept vil ikkje lengre få ein papirresept i handa.
Legen sender resepten elektronisk til ein sentral database; Reseptformidleren.
-
Pasienten får vara utlevert ved å oppgje fødselsnummer eller namn og fødselsdato samt kva for vare ein skal hente.
-
eResept blir innført for å gje tryggare legemiddelbruk, enklare rutiner og bedre utnytting av samfunnet sine ressursar
-
Det er vesentlig vansklegare å forfalske eReseptar enn papirreseptar.
-
Det pågår eit arbeid som sikrar at også sjukehuslegar etter kvart kan ta i bruk eResept.
-
Sjukehusapotek vil kunne ekspedere eReseptar
-
T enesta ”Mine resepter” er eit tilbod til den som ynsker å få oversikt over eReseptane sine via Internett.
Brosjyrer om eResept finst i legekontor, apotek og hos bandasjistar. P ublikum finn meir informasjon på www.helsenorge.no/eresept Helsepersonell kan lese meir på www.eresept.no . Båe nettstadane viser dato for innføring av eResept i kommunane.
eResept er nå innført i nesten heile Hordaland og i store deler av Vestfold. Ordninga blir godt motteke av pasientar, legar, apotek og bandasjister. Turen er nå kome til Telemark.
Dei aller fleste apotek og bandasjister vil vere klare til å ekspedere eReseptar fra 7. februar. Tre apotek startar noko seinare: Vitusapotek Gvarv startar 15. februar.
Kviteseid apotek og Seljord apotek startar 16. april.
Der eResept er innført kan ein framleis få ekspedert sine gyldige papirreseptar. Dersom ein skal til apotek eller bandasjist der eResept ikkje er innført ennå, kan legen skrive ut papirresept.
Sist oppdatert 08.03.2012